Entrepenørfirma saksøkt for 860.000 kr på grunn av fukt i himling og punktert dampsperre. 

Sameige saksøkjer entrepenørfirma for 860 kr

I OKTOBER: 17. og 18. oktober skal saka opp i Søre Sunnmøre tingretten. Foto: arkiv. 

Entrepenørfirma er blitt saksøkt for 860.000 kr på grunn av fukt i himling og punktert dampsperre. Entrepenøren avskriv seg ansvar.

Det er tre privapersonar og eit sameige som eig leilegheiter i Volda som har saksøkt entreprenørselskapet

Sluttinlegget som er sendt til tingretten i Volda melder om ein derformert yttervegg, kniriking i golvet på to av seksjonane, arealsvikt i to seksjonar og manglar ved takstolane.  

Det var Sunnmørsposten som først melde om saka. 

Reklamert for seint

Saksøkjarane krev 860.000 kroner i prisavslag og erstatning frå firmaet.

Firmaet på si side krev frifinning, samt at saksøkjarane betaler alle sakskostnadar.  

Dei peikar på at reklamsjonen er kommen for seint. Vidare at byggherren, med arkitekt- og inginørfirma står for prosjekteringa av bygget. 

I sluttinnlegget til byggefirmaet står det at dei har erkjent manglar, og retta opp i desse. Dei har også tilbydd seg å rette feila, men ikkje blitt einige med saksøkjarane utanfor rettsalen. 

Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett to dagar i oktober.