KFUM Volda møter regjerande serie- og cupmeister i sesongstarten

sesongstart kfum volda

NYOPPRYKKA: KFUM Volda er klare for Eliteserien, og startar sesongen med to heimekampar denne helga. (Foto: Stine Lund Trøan)

Til helga serves Eliteserien i gang for KFUM Volda Damer. Som nyopprykka vil dei gjera alt for å halda seg i divisjonen.

– Det blir eit stort hakk opp, og me er veldig spente. Det blir litt meir press, litt anna type spel, det går litt kjappare og betre motstandarar. Me er veldig glade for at me får sjansen og me er veldig klar for det, seier Vilde Stakseng, kaptein for Volda-damene. 

Tøff sesongstart

KFUM Volda startar med heile seks heimekampar denne sesongen. Til helga møter dei høvesvis TIF Viking frå Bergen og førre sesong serie- og cupmeister Førde. 

– Det er kanskje Førde som er det mest ukjende kortet av dei for oss. Me møtte Viking i turneringa no i helga, og spelte jamnt med dei då. Eg trur me har ein god moglegheit mot Viking, seier ei optimistisk Vilde Stakseng.

OPPKØYRING: Førre helg var KFUM Volda med i Eliteturneringa på heimebane, der dei møtte god motstand. (Foto: Stine Lund Trøan)

Førde er vanlegvis eit tøft lag å møta, men mykje endringar før sesongstart gjer at det er vanskeleg å seia kor gode dei er. 

– Førde er litt meir usikkert. Dei har hatt mange endringar i laget, så me veit ikkje heilt kor gode dei er. Det blir veldig spennande, og me håpar det blir ein jamn kamp.

– Det viktigaste er å overleva

Eliteserien er det høgste nivået i norsk volleyball. Serien består av åtte lag, og kvart lag skal spela 14 seriekampar. Laget som blir nummer åtte rykker ned til 1.divisjon, medan laget som hamne på sjuande plass må ut i kvalifisering for å kjempa om å halde plassen.

For KFUM Volda handlar det om å behalda plassen i det gjeve selskapet.

– Målet er å hamna rundt midten av tabellen, men det viktigaste er å halda oss i Eliteserien. Viss me gjer det betre enn det blir det ein bonus. Me får fokusera på å halda oss i divisjonen, fortel Stakseng.

Variert spelartropp

Troppen til Volda består av både lokale og internasjonale spelarar. Stakseng meiner dei bulgarske angrepsspelarane kan verta avgjerande denne sesongen.

Kaptein for KFUM Volda, Vilde Stakseng. Foto: Privat

– Me har eit veldig variert lag og spelarar i mange ulike aldarar. Me har to gode angriparar frå Bulgaria, og dei har jo tidlegare bevist at dei er eit sterkt kort.

Volda har også henta inn forsterkningar til denne sesongen.

– Me har fått inn Jenny Juliebø frå Blindheim og ho er ein spelar som hevder seg godt i blokk, blant anna. Resten av laget held også eit bra nivå, og me har gode midtspelarar. Planen er å bruka dei meir enn tidligare, så eg trur me kan få eit farleg angrep, avsluttar kaptein Stakseng.