– Du kan ikkje driva skule utan elevar

Skulesentralisering

I Eid kommune klarar dei seg med ein ungdomskule. Volda har fire. I takt med fylkesstraumen til sentrum tømmast ungdomsskulane i bygdene.

Medan elevar ved Folkestad ungdomsskule har 130,5 årstimar per elev, har ungdomsskulen i Volda berre halvparten. Dette grunna færre elevar fordelt på talet lærarar ved skulen. Leiar ved Foreldreutvalet, Janicke Driveklepp, tykkjer dette er urovekkande.


– Dette viser oss jo berre at skulen i Volda må bli utbetra før me kan ta imot fleire elevar. No er det verken plass til fleire lærarar eller elevar. Vi må kunna ha noko meir og betre å tilby.
I følgje tal frå Volda kommune, er kostnaden per elev hos Volda ungdomsskule 50.980kr i året, medan kostnaden per elev på Folkestad er det dobbelte.
Eit prosessnotat frå Volda kommune hevdar at Staten sine overføringar til Volda legg opp til meir sentralisert skulestruktur.

Større oppfølging

Driveklepp trur at mange elevar hadde nytt godt av fleire lærarar og større oppfølging i Volda.
– Eg kan forstå at for dei som kjem frå Folkestad til Volda kan det vera ein litt hard overgang i høve til den oppfølginga dei er vane med. Så langt har ikkje me i FAU motteke nokre meldingar om at nokon ikkje kjenner seg godt nok følgt opp ved ungdomsskulen i Volda.
Driveklepp er positivt innstilt til ei eventuell samanslåing mellom dei to skulane.


– Me ser på det som bra å ha berre ein ungdomsskule i Volda kommune, om me tenke på ungdomsmijøet og det å bli kjent med fleire.

Ein ungdomsskule på kvar side av fjorden

Leiar for FAU på Folkestad, Ingvild Løset meiner det mest problematiske med ei samanslåing vil vera for elevane som skal reisa heilt frå Bjørkedal.
– Eg ser at det er for mykje med fire ungdomsskular i Volda, men det burde vore ein på denne sida av fjorden óg. For elevane som bur på Folkestad er det ikkje den lang veg til Volda, men for dei som kjem frå Bjørkedal blir det ein veldig omfattande reiseveg, då dei må på både buss og ferja.

TRIVST PÅ FOLKESTAD: Fv. Tom Erik Bogen, Marte Haugland Bjørkedal, Andreas Øksne Eidseflot Foto: Ellen Karin Moen
TRIVST PÅ FOLKESTAD: Fv. Tom Erik Bogen, Marte Haugland Bjørkedal, Andreas Øksne Eidseflot Foto: Ellen Karin Moen

Eid eller Volda?

Det er ikkje fastsett noko maksgrense på reisetid i det norske lovverk, men oppvekstsjefen i Volda, Per Ivar Kongsvik, kan fortelja at dei har lagd ei tidsgrense på 70 min kvar veg for dei på ungdomstrinnet. Kongsvik meiner det er gjennomførbart å slå saman skulane med tanke på reisetid, men peiker på at det er fylkeskommunen som må sitt ansvar å stilla med effektiv skuleskyss for alle elevane.
For nokre av elevane frå Bjørkedal kunne det kanskje vore enklare å berre reise over kommunegrensa til Eid. Dette er diverre ikkje så enkelt å gjennomføra.


– Kommunen er restriktive på det å senda elevar til ein skule i ein annan kommune. Dette fordi dei ikkje er så begeistra for å betala for skuleplass i ein annan kommune, samtidig som dei har ledige skuleplassar sjølv, fortel Konsvik.

For lang reiseveg

For to av tiandeklassingane ved Folkestad skule er det nettopp den lange skulevegen som gjer det mindre fristande å gå på skule i Volda.
– Det hadde blitt omtrent ein time med buss og ferje totalt, så lenge bussen skal plukke opp alle på heile Folkestad, fortel Marte Haugland Bjørkedal. Ho og Andreas Øksne Eidseflot går begge siste året på ungdomsskulen og sit i elevrådet.


– Me er vane med å vera få i klassa, og trivst eigentleg med det. Når me ikkje er så mange så ser læraren oss og me får meir oppfølging. Ein kan bli litt lei av å sjå dei same ansikta dag etter dag, men det er jo dette me er vane med, ler ho. Andreas stemmer i og seier at samhaldet dei i mellom er mykje sterkare då dei er færre. Fleire av elevane har vener i Volda og driv med fritidsaktivitetar der.


– Det hadde jo vore kjekt å gått i klasse med dei me kjenner i Volda, men då må skuleskysstilbodet endra seg frå korleis det er no, seier Andreas Øksne Eidseflot

KOLLEKTIVT: Ein må gjennom fleire transportmiddel for å komma seg til Volda frå Folkestad. Illustrasjon: Ellen Karin Moen
KOLLEKTIVT: Ein må gjennom fleire transportmiddel for å komma seg til Volda frå Folkestad. Illustrasjon: Ellen Karin Moen

Finst ei grense

Rektor ved Folkestad skule, Tom Erik Bogen, ser først og fremst fordelar ved det å ha ein liten skule. Han legg òg vekt på at det er lettare å tilpassa undervisninga til kvar einskildt.


– Ein kan ikkje driva skule utan elevar. Det finst ei grense for kor få elevar ein kan vera, spesielt på ungdomsskulen. Eg vil seie at når det går under ti stk. fordelt på ungdomstrinna, så går det såpass utover det sosiale for ungdomane at dei heller burde reist til ein større skule. Ungdomstida er såpass viktig når det gjeld vennskap og det å knyta relasjonar. Har ein for få rundt seg vert ein fort sosialt sårbar.


I følgje prognosar frå Volda kommune vil det i løpet av dei neste fem åra vera ein nedgang i elevatalet ved Austefjord, Dalsfjord og Folkestad, medan det blir ei auke på Volda ungdomsskule.


Neste skuleår vert det 27 elevar totalt på ungdomstrinna på Folkestad, medan det berre er 10 hos Austefjorden. I følgje prognosen vil dette om tre år gå ned til 17 elevar ved Folkestad og framleis 10 hos Austefjorden.

Kostnad per elev årleg:

Volda ungdomsskule: 50.980kr

Dalsfjord ungdomsskule: 98.142kr

Folkestad ungdomstrinn: 109.533kr

Austefjord ungdomstrinn: 256.160kr

Kjelde: Volda kommune