– Me køddar mykje på scena!

Slem pop og snill rock i Volda!

KOMPISAR: (F.v.) Edvard Smith, Rèmy Malcherè Pettersen og innleigd gitarist "Nacho" er klar for å ta Rokken-publikummet med storm. Foto: Marius S. Tollaksen

Torsdag brakar det laus med årets Bygdesus i Volda. På festivalen sin første dag, kan publikum digga slem pop og snill rock, med bandet "brenn.".

På spørsmål om dei kan skildre kven «brenn.» er, kikkar dei opp og ser på kvarandre og lurar på kven som skal svara.

– Ja, altså. Me brukar å byte litt på kven som forklarer akkurat det, kjem det frå hovudsangar, Edvard Smith.

– Eg kan ta det, eg då. Me er to boys, som møttes på vidaregåande, og me spelar slem pop og snill rock, fortsetter Rèmy Malcherè Pettersen, nummer to i duoen.

Dei fortèl at musikken deira er eit resultat av eit ganske forskjellig utgongspunkt, då han eine høyrde på pop, medan han andre fann rocken meir interessant.

– Låtane våre blir til ved at me kranglar, smilar dei.

Namnet «Brenn», eller «brenn.», som eigentleg er den riktige skrivemåten, har ei litt artig historie bak seg.

– Det var faktisk ikkje me som kom på namnet. Namnet var det beste forslaget som kom opp i ein Facebook-chat, der me drøfta det. Også tenkte me: Kult namn. Me kallar oss det, og slik blei namnet til, presiserer Smith.

Korleis er de live?

– Me køddar mykje på scenen, og er veldig lite høgtidelege, ler Malcherè Pettersen.

Skal på turnè

I fjor enda «brenn.» på ein delt 3.plass, på Urørt. I sommar spela dei føre fem tusen på Roskilde, noko dei skildrar som eit obligatorisk høgdepunkt. No er dei klar for å ta scena i Volda, og på Rokken.

– Neste stopp etter Volda, er Ålesund, og då byrjar me på ein hausturnèen. Me skal blant anna spela på Parkteateret i Oslo, som blir veldig kult. I tillegg slepp me album om under ein månad, så det skjer mykje framover.

Bandet går på scena klokka elleve på Rokken, torsdag kveld.