Koronasituasjonen på Søre Sunnmøre

Slik er koronasituasjonen på Søre Sunnmøre

Éin person er bekrefta smitta i Ørsta. FOTO: Fhi.no

Éin person er bekrefta smitta i Ørsta. I tillegg sit fleire personar i heimekarantene i fem andre kommunar på Søre Sunnmøre.

Saka vart oppdatert torsdag 12. mars kl. 13:42

I går skrev Sunnmørsposten at det er totalt fire personar i Møre og Romsdal som er smitta. To i Ålesund, éin i Molde, og éin i Sula.

Ifølgje NRK Møre og Romsdal er det no to nye som er bekrefta smitta i Ålesund, og éin i Rauma, i tillegg er det éin i Ørsta. Det er altså totalt åtte smitta i fylket no.

Status på Søre Sunnmøre
Bekrefta smitta: 1
I heimeisolasjon: 2
I heimekarantene: 23*

Volda
Det er testa to nye personar som har vore på reise og har fått luftvegssymptom. Prøvene vart tatt mandag og prøvesvar vil mest sannsynlig komme i løpet av eit par dagar, melder Volda kommune.

To personar sit i heimekarantene etter å ha testa negativt på koronaprøve. I tillegg er to helsepersonell seten i heimekarantene etter å ha vore på reise.

I ei pressemelding skriv Volda kommune torsdag 12.mars at elevar i 5. - 10. klasse vert sendt heim, og får opplæringstilbod og oppfølging digitalt. Tiltaket gjeld i første omgang til og med måndag 16.03.

Ørsta
Seks personar sit i heimekarantene, ein har fått påvist smitte og ein ventar på prøvesvar, opplyser Ørsta kommune si nettside. Han eine som har fått positivt prøvesvar sit i heimekarantene med personen som ventar på prøvesvar. 

Ørsta kommune opplyser under pressekonferansen sin torsdag at frå og med fredag vert 1. - 10. klasse i Ørsta kommune stengt. Dette gjeld også SFO og kulturskulen.

Sande
Fem personar er satt i heimekarantene. Desse er testa og ventar på svar, ifølgje Vestlandsnytt. 

Ulstein
Tre personar som har vore i utlandet sit no i heimekarantene, ifølgje kommuneoverlege Norunn Elde.

– To personar har reist i Tirol i Austerrike, på grensa til Nord-Italia og er i karantene. Ein annan person kom frå reise i Thailand, seier ho.

Hareid
Ein person som 29. februar var på Hellbillies-konserten i Molde er stadfesta ikkje smitta, ifølgje kommunen si nettside.

Ein fastlege har sett seg sjølv i heimekarantene etter opphald i Tirol i Austerrike, ifølgje kommuneoverlege Karsten Vingen.

– Legen ringte inn før kontortid og har ikkje hatt fysisk kontakt med anna helsepersonell eller pasientar, seier han.

Herøy
– Éin person har reist i Nord-Italia og seinare vist symptom. Vedkomande sit i heimeisolat og ventar svar på prøven, seier kommuneoverlege Kristian Gottliebsen i Herøy kommune. 

Nærnett får opplyst at personen har fastlege i ein annan kommune og har dialog med dei istadenfor Herøy.

Ein familie er satt i heimekarantene (*berekna til to personar). Det eine familiemedlemen har vore på same fly og hatt sete i nærleiken av ein smitta person. 

12. mars har kommunen motatt svar på prøva for personen der familien er i karantene. Prøva er negativ, Herøy kommune har per i dag ingen som har testet positivt. 

9. mars innførte kommunen restriksjonar for besøk på sjukeheimen og i omsorgsbustadar.

Stryn

I Stryn kommune i Vestland fylke, nabokommunen til Volda, har seks personer fått påvist koronavirus etter å ha opphalde seg i område med vedvarende smitte, ifølgje kommunen si nettside. 

Alle har det bra no, med milde eller ingen symptom og er i heimekarantene. 

Det er innført utvida restriksjonar ved besøk på omsorgssentera i kommunen. 

Vanylven er per no einaste kommune som ikkje har registrert tilfelle eller mogleg smitte av koronavirus.

Vanylven kommune skriv på si nettside torsdag at ungdomsskulen vert stengt frå 13.mars.

– Ingen grunn til bekymring

Kommuneoverlege Norunn Elde i Ulstein seier at viruset er venta å komme til dei fleste kommunar. Ho understrekar at innbyggjarane på Søre Sunnmøre ikkje bør engste seg.

Kommuneoverlege Norunn Elde ber folk om å halde seg roleg. FOTO: Per Eide/Ulstein kommune

– Det er viktig at ein brukar papirlommetørkle, vaskar hendene og unngår tett kontakt for å verna om seg sjølv og andre. Vi anslår ein dødelegheit på mellom 0,1 til 1 prosent. Det er eldre personar og kronisk sjuke som er i risikosona. Men for vanlege, friske folk er det ingen grunn til bekymring, seier Elde.

Ho fortel at Ulstein er særleg utsett for kysttrafikk men at kommunen har tatt forholdsreglar.

– Ein av dei største utfordringane våre er hamner, og verfta har mange arbeidarar med tilknyting til Kina. Dersom det kjem skip frå risikosoner, ber vi mannskapet om å vera ombord til alle tider.

Ho oppmodar alle på Søre Sunnmøre om å halda seg rolege og ikkje overbelasta helsetenesta.

– Ein skal ikkje ta kontakt med lege berre fordi ein føler seg litt dårleg. Har du derimot feber, reist eller vore i kontakt med personar frå Kina, Hong Kong eller Nord-Italia, bør du ringja fastlegen din eller 116 117.

– Det er viktig at folk ikkje ringjer 113, presiserer kommuneoverlegen.

KARANTENE ELLER ISOLAT?

  • Heimekarantene blir tilrådd for dei som har hatt nær kontakt med eit stadfesta tilfelle, inkludert dei som bur saman med stadfesta tilfelle.
     
  • Heimeisolat blir tilrådd for dei som er stadfesta smitta eller mistekt sjuke og blir testa for koronaviruset.
     
  • For tilsette i helsetenesta som dei siste 14 dagane har vore i område med vedvarande spreiing, og ikkje hatt kjent nærkontakt med stadfesta tilfelle kan dei få arbeidsrestriksjonar utan karantene.

Kjelde: Folkehelseinstituttet