Slutt på bruk av AutoPASS-ferjekort på samband med brikkebetaling

Slutt på bruk av AutoPASS-ferjekort på samband med brikkebetalin

MÅ HA BRIKKE: Frå 15. september kan du ikkje bruke AutoPASS-ferjekort på brikkesamband. Mellom anna Lote-Anda, som du ser på biletet. (Illustrasjonsfoto: Beth-Kajsa Elveos)

Kundar som ikkje har brikke frå før, bør bestille dette. Det kjem fram i ein e-post frå Skyttel AS, som er sendt ut til alle som har AutoPASS-ferjekort.

Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» har erstatta den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort, og er ein landsomfattende avtale.

Frå 1. januar 2020 blir det innført brikkebetaling på mange samband som i dag har betaling med AutoPASS-ferjekort.

Les Nærnett sin artikkel om AutoPass-ordninga her.

I forbindelse med innføringa av Auto-PASS for ferje, har ein i unntakstilfelle før akseptert betaling med AutoPASS-ferjekort også på samband med brikkebetaling. Frå og med 15. september i år får du ikkje lenger bruke ferjekortet på samband som har brikkebetaling.

Bør bestille brikke

Du må altså ha brikke for å få rabatt. Kundar utan gyldig brikke må betale fullpris til billettør, med anten kontantar eller bankkort. 

– Kundar som ikkje har brikke frå før bør bestille dette, uavhengig av om dei i dag reiser på samband med brikkebetaling. Dette skriv Skyttel AS i ein e-post som er sendt ut til alle som har AutoPASS-ferjekort.

Skyttel AS forvaltar og drifta løysing for AutoPASS for ferje på vegne av Statens vegvesen. 

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Angel Olav Røren fortel at arbeidarane på ferjene forstår frustrasjonen til bilistane. (Foto: Privat)

Viktig å hugse på at det var ei midlertidig løysing

Angel Olav Røren er ferjebillettør ved sambandet mellom Festøy og Solavågen, og seier at arbeidarane på ferjene forstår frustrasjonen.

– Eg kan tenke meg at folk kan bli litt oppgitt av dette, og vi på ferjene forstår frustrasjonen. Samtidig så er det viktig å hugse på at AutoPASS-ferjekort vart innført som ei midlertidig løysing for AutoPASS-brikke. På sikt vil det bli enklare, fortel Røren.

Han legg til at det kan være lurt å anskaffe seg brikke med det samme.

– Då unngår du å plutseleg stå utan moglegheit for å få rabattar på brikkesamband, seier Røren. Du betalar heller ikkje for to kontoar. Det er same kontoen på brikke som på AutoPASS-ferjekortet. Dei vert linka saman. 

Hjå desse sambanda kan du bruke AutoPASS-ferjekort

Du kan framleis bruke AutoPASS-ferjekortet til å betale på ferjer som ikkje har brikkebetaling. Her er ei liste over desse ferjene på Søre:

Festøy - Hundeidvika

Festøy - Solavågen

Sæbø - Leknes - Skår - Trandal - Standal

Volda - Folkestad

Volda - Lauvstad

Årvika - Koparneset

Hareid - Sulesud

Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya

Anda - Lote er sambandet nærast Søre Sunnmøre der du frå og med 15. september må ha brikke for å få rabatt.

Korleis bruke AutoPASS-ferjekort og AutoPASS-brikke

På ferjesamband der AutoPASS-brikkebetaling er innført, nyttar du di AutoPASS-brikke som betalingsmiddel. Du kan ikkje nytte ferjekort i desse sambanda, så om du ikkje har AutoPASS-brikke må du betale full pris i desse sambanda.

På ferjesamband der AutoPASS-brikkebetaling ikkje er innført enda, nytter du ditt AutoPASS-ferjekort som betalingsmiddel. Du kan ikkje nytte AutoPASS-brikke i desse sambanda, så om du ikkje har bestilt AutoPASS-ferjekort må du betale full pris i desse sambanda.