Vil ha smågrønt, ikkje smågodt

Smågrønt

Priskrigen i påsketida fører ofte til godteri til spottpris, men i år kunne Coop Extra på Furene by på smågrønt i løsvekt som et alternativt tilbud.

Coop Xtra droppa priskrigen på smågodt og satsa heller på «smågrønt» i påska. Dette viste seg å vere ein kjempesuksess og Coop Xtra i Furene solgte over 100 kilo med «smågrønt». Likevel vel dei å ha dette tilbudet kun ved høgtider.

Se Nærnetts videoreportasje:

Ikkje eit permanent tilbud

Grønsaksansvarleg ved Coop Xtra i Furene, Iris Sangen, vil gjerne tilby dette på permanent basis. Dette er ikkje opp til henne opplyser Sangen, det ligg høgare opp i systemet.

– Eg vil kjempe for å kunne tilby dette til kundane mine, seier ho.

Foretrekker smågrønt

Trenden av å spise grønt og ha ein sunn livsstil er noko nordmenn set høgt på prioritetslista. Sjølv borna var frista til å teste ut sortementet av «smågrønsakane».

– Mykje grunna dei spanande fargane og måten smågrønt hadde blitt presentert på, meinar Sangen. Ho seier at borna ville heller smake på grønsakene, enn på godteriet.