To personer uskadd etter snøskred

Snøskredet gjekk sør for området Risenosa.

Kl 17.32 melda politiet i Møre og Romsdal på Twitter at det hadde gått eit snøskred sør for Risenosa på Bjørke i Ørsta kommune. Naudetatane, frivillige ressursar og helikopter kom til området. 

Kl 17.48 melda politiet på Twitter om visuell kontakt med to personar som holdt på å ta seg ut av skredområdet, og dei gav tommel opp til redningsmannskapet i helikopteret.

Ti minutt seinare kunne politiet bekrefte at det kun var to personar i tilknytning til skredet, og at dei har tatt seg ut av området. Politiet melda også at personane framstod som uskada.