Seks trafikkdrepne i Møre og Romsdal hittil i 2019: – Dette er langt meir enn tal og statistikk

Statens vegvesen og trafikkdrepne i trafikken

I 2019: Møre og Romsdal har det tredje høgaste fylkestalet på trafikkdrepne i landet. (Foto: Illustrasjonsfoto/arkiv)

Talet på trafikkdrepne fortsett å gå ned i Noreg, og det kan gå mot under 100 drepne i år. Sjølv om det er ein positiv tendens, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen at det er tungt å ta innover seg.

Seks personar har omkome i trafikken i Møre og Romsdal hittil i år, melder Vegvesenet i ei pressemelding.

Møre og Romsdal har det tredje høgaste fylkestalet i landet. Over ligg Nordland med 12, og Akershus med ni. 

– Dette er langt meir enn tal og statistikk

I 2018 miste 108 menneske livet i trafikken i Noreg, noko som var det lågaste talet sidan 1947. Hittil i år har 73 omkome på norske vegar, noko som er seks færre enn i løpet av dei ni fyrste månadane i gjor.

Fortsett resten av årets slik som årets tre fyrste kvartal, kan 2019 bli det fyrste året på nesten 80 år med under 100 drepne i trafikken.

– Sjølv om det er ein positiv tendens, er dette tungt å ta innover seg. Dette er langt meir enn tal og statistikk. Vi snakkar om menneske, skjebnar, familiar, etterlatne og råka lokalsamfunn, seier Guro Ranes avdelingsdirektør for Trafikksikkerheit i Statens vegvesen, i pressemeldinga.

Kan gå mot under 100 drepne i år

Landsdekkjande har utforkøyrings- og møteulukker dominert både i september og så langt i trafikken i år. Hittil har 57 menn og 16 kvinner omkome i trafikken. Ingen born under 16 har mista livet.

Talet på trafikkdrepne fortsett å gå ned på norske vegar. Det kan gå mot under 100 drepne i år, men Statens vegvesen fryktar hausten med krevjande vær- og føreforhold.

– Vi går inn i ei krevjande tid med mørke, glatte vegbaner, mykje regn og etter kvart også frost og snø. Dette må trafikantane ta omsyn til, seier Ranes og legg til at tryggleiksmargina er mindre enn elles.

Tabellen viser kor mange i dei ulike aldersgruppene som har mista livet i trafikken i september og i løpet av 2019. (Faksimile: Statens vegvesen)

Framleis mange skadde

Sjølv om langtidstendensen for trafikkdrepne er svært positiv, er Vegvesenet likevel urolige for at utviklinga av hardt skadde i trafikken ikkje er like god. 

– Det har vore ein svak nedgang også i talet på hardt skadde i trafikken. Men vi har ikkje same positive utviklinga, og slit med å nå måla som er sett i Nasjonal transportplan. Innsatsen mot trafikkulukkene må fortsette med uforminska styrke, seier Ranes.