Ekstremveret gjorde at straumprisane dalte

straumprisar

HØG ELV: I 2017 kom over 96 prosent av Noregs kraftproduksjon frå vasskraft. Her bilete frå Øyraelva som for tida er høgare enn vanleg. (Foto: Bernhard Moe Nyquist)

– Me merka at prisane fall meir i helga enn dei vanlegvis gjer, fortel Tor Havåg, avdelingssjef for krafthandel i Tussa Energi.

September har vore ein våt månad på Vestlandet. Flaumvarsel og sterke vindkast har sett sine spor, og i helga som var vart det målt 140,3 mm nedbør på målestasjonen på Eitrefjell i Ørsta, i fylgje Norsk Klimaservicesenter.  

Men heldigvis kan det hende at straumen vert billegare, i fylgje Tor Havåg, avdelingssjef for krafthandel i Tussa Energi.

Han fortel at nedbøret påverkar straumprisane.

– Ja, nedbøret påverkar, men det er vanskeleg og seia kor mykje det har vorte påverka. Straumprisane blir påverka av ei rekkje faktorar, der nedbør er ein av dei.

Tor Havåg, avdelingssjef for krafthandel i Tussa Energi. (Foto: Tussa)

Prisen søkkte i helga

I helga som var slo veret hardt i frå seg. Men det vart også billegare straum.

– Det ein kan slå fast er at dag til dag-prisen på straum har gått ned i helga, den såkalla spotprisen. Spotprisen har samanheng med veret som var, opplyser Havåg.

(Kva er spotpris? Sjekk faktaboks øvst)

Spotprisen var på torsdag på 31,2 øre/kWh. I helga sank den endå meir, og på laurdag var den på 29,7 øre/kWh. På sundag var spotprisen nede i berre 21,8 øre/kWh.

Viss ein samaliknar med fjoråret var gjennomsnittsprisen for september då på 55,79 øre/kWh. 

Ein våt månad

På spørsmål om straumprisane vil gå nedover i tida som kjem vil ikkje Håvåg slå nokon ting fast. 

– Veit ikkje om eg vil spekulera heilt i det. Det var ei våt helg, og det er vorte litt turrare no. Vanlegvis er september ein våt månad og det regnar meir på hausten enn elles. Regnar det mykje over tid vil det påverka prisane framover. Prisane har gått litt ned no på grunn av det kraftige regnet som var, seier han.

Kvifor påverkar nedbøret straumprisane?

– I Noreg spesielt har me eit produksjonssystem som i stor grad er basert på vasskraft, då er det slik at viss det regnar mykje blir det produsert meir energi, til dømes gjennom vasskraft, fortel Havåg.

Artikkelen held fram under bilete.

UVANLEG HØG: Øyraelva driver godt etter helgas uvêr. (Foto: Bernhard Moe Nyquist)

Billegare straum i 2019

2018 var eit år der straumprisane steig til værs. I 2019 er ikkje trenden at straumprisane held fram å stiga.

– Det ligg ann til billegare straum enn i fjor, men det må seiast at prisane i fjor var veldig høge. Prisane i år er ikkje spesielt låge samanlikna med andre år, seier Havåg.

 

 

Kva er spotpris?

Spotpris vert også kalla straum til innkjøpspris, og er den prisen straumleverandørar kjøpar straumen for på kraftbørsen, www.nordpoolspot.com.

Når du har ein spotprisavtale vil du få straumen til den same prisen som straumleverandøren kjøpar den inn for. Den varierer frå time til time, og vert påverka blant anna av ver, temperatur og etterspørsel.

Kjelde: Norgesenergi.no