– Ikkje noko kjekt å streika

streik felleskjøpet over

STREIKEN ER OVER: Knut Magne Øye, Øystein Espelund og Jacob Bratten vart teken ut i streik i førre veka. Onsdag morgon var dei attende i arbeid. (Foto: Viktoria Hellem-Hansen)

Streiken i Felleskjøpet er avslutta etter at partane med hjelp frå Riksmeklaren kom fram til ei løysing tysdag kveld. Dei tilsette får eit oppgjer på 3,2 prosent.

Tysdag kveld kunne partane melde at streiken for tilsette ved Felleskjøpet er over. 

– Spekter/Felleskjøpet er nøgd med at vi i kveld med Riksmeklarens hjelp har kome fram til ei forhandlingsløysing med YS/Negotia. Streiken i Felleskjøpet vil dermed bli avblåst, sa administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Spekter, tysdag kveld. 

Lønsoppgjer på 3,2 prosent

I pressemeldinga kunne ein lesa at "løsningen innebærer at Negotias medlemmer får et lønnsoppgjør på 3,2 prosent per 1.april 2019, noe som er på linje med det resten av de ansatte i Felleskjøpet har fått, og i tråd med normen fra frontfaget."

I alt var 352 tilsette ved Felleskjøpet teken ut i streik sidan tysdag førre veka. Tre av desse jobba på Felleskjøpet Volda.

Er dykk nøgd med det nye lønsoppgjeret?

– Ja, det var det organisasjonen krevde, at me fekk behalde tariffavtalen vidare, fortel Knut Magne Øye, streikeleiar ved Felleskjøpet Volda. 

NØGD: Knut Magne Øye, streikeleiar ved Felleskjøpet Volda, er nøgd med at streiken er over. (Foto: Viktoria Hellem-Hansen.)

Grunnen til at det var streik i Felleskjøpet i utgangspunktet var at Negotia, fagforbundet til dei streikande, ville sikra rettigheitene dei har avtalt med Spekter. Dette ville dei gjera før Felleskjøpet endra arbeidsgivarforening til NHO.

Norges Bondelag var bekymra

Ein av dei som var bekymra då Felleskjøpet vart råka av streik, var Arnar Lyche, organisasjonsleiar i Norges Bondelag. Han var blant anna redd for at streiken skulle gå ut over at kraftfôret ikkje skulle kome tidsnok. 

Erlend Koppen, leiar av Volda Og Dalsfjord Bondelag, fortel at streiken ikkje gjekk hardt ut over bønder i Volda og omland.

Erlend Koppen, leiar for Volda og Dalsfjord Bondelag. (Foto: Privat)
​​​​​

– Det gjekk ikkje så hardt ut over oss bønder i området, det einaste eg merka var at det var litt redusert bemanning på Felleskjøpet og det er eit lite minus, men hjelp fekk eg, seier han.

Men at streiken er over er han synes han er bra.

– Det er veldig positivt.

– Ikkje noko kjekt å streika

Knut Magne Øye, Øystein Espelund og Jacob Bratten ved Felleskjøpet Volda var ute i streik i omlag ei veka. Ikkje ein ønska situasjon, meiner Øye.

– Ikkje noko kjekt å streika, og det er ikkje ein ønska situasjon for kundar, eigarar eller andre tilsette. Men me er del av ein organisasjon og då må ein gjera det som blir bestemt. Det var på sin plass at det vart sett fram et krav.

FØRRE VEKA: Slik såg det ut på Felleskjøpet Volda førre veka. Butikken var open, men med redusert bemanning på grunn av streik. (Foto: Viktoria Hellem-Hansen.)

Onsdag morgon var alle dei streikande tilbake i arbeid. Heldigvis kom ikkje streiken på det verste tidspunktet.

– Det var greit å vera tilbake i arbeid i dag. Det er litt rolegare på denne tida av året, så det var ikkje det verste tidspunktet å streika. Det tok ikkje lange stunda før me var tilbake til normalt, avsluttar Knut Magne Øye.