Arbeiderpartiet best - Framstegspartiet på jumboplass

Det er store skilnader i kva for grad dei politiske partia svarar velgjarane, i ny teneste på nett. 

 

 

Smp.no inviterer lesarane til å spørje ut dei politiske partia, om det kvar enkelt brenn for. Alle spørsmåla byrjar med «kan du love», som også er namnet på prosjektet.  

– Veljarane forventar svar

Kor mykje partia i Møre og Romsdal har engasjert seg i å svare, varierer sterkt. Klart best er Arbeiderpartiet som har svart på alle dei 55 spørsmåla som er stilt mellom 24. august og 2. september.  

– Eg har veldig sansen for denne måten å skape kontakt mellom politikarar og veljarar på, seier førstekandidat Fredric Bjørdal for Ap i Møre og Romsdal.  

Han fortel at han har svart på alle spørsmåla sjølv, nokre gonger klokka eitt på natta. 

– Vi politikarar må hugse at for kvart spørsmål sit det ein utolmodig veljar som forventar svar, påpeikar Bjørdal. 

Svarar ikkje «folk flest»

Framstegspartiet har svara på forsiktige fire spørsmål. Førre gong var 25. august.  

Nærnett avventar kommentar frå Sylvi Listhaugs politiske rådgivar, Espen Teigen. Han er kjent for være god på å nytte sosiale medie som politisk verktøy. Listhaug er den politikaren som hittil har nådd ut til klart flest personar på Facebook. 

Elles er Kristeleg Folkeparti rett bak Ap, med 95 prosent besvarte spørsmål. 

SV har berre svart på 14 av 55 spørsmål i den medrekna perioden. Det er altså fløypartia på kvar sin side, som er dårlegast på å svare.   

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt. 

      SLIK ER GRAFEN LAGA:

  • Grafen visar svarprosent, av dei 55 spørsmåla som er publisert mellom startdatoen 24. august og 2. september 
  • Lesarar har kome med spørsmål også etter 2. september, men partia har førebels hatt kort tid på å svare på disse. 
  • Kun Møre og Romsdal er tatt med, fordi ingen parti i Sogn og Fjordane har svart.