Bøker for dei leseglade

Marte Engeset Foldal og Janita Mo

BIBLIOTEKARANE I VOLDA: Marte Engeset Foldal og Janita Mo tipsar om bøker du kan lese i påskeferien. Foto: Lene Flataker.

Nokre er publikumsfavorittar, andre er skjulte skattar.

Bibliotekarane Marte Engeset Foldal og Janita Mo jobbar på Volda Folkebibliotek, og les bøker og høyrer på lydbøker tidt og ofte. Dei fortel at påska er tida for krim og spenningsromanar. Her kjem dei med ti tips til bøker du kan ta fatt i, med ein god kopp kaffi, og ein godbit eller to. Eller, berre heile sjokoladeplata. Nokre av dei er publikumsfavorittar, og fleire står i kø for å låne bøkene. Andre er skjulte skattar som du kanskje ikkje har høyrt om. Enda.

1. Jeg vet hvem du er (Yrsa Sigurdardóttir)

Tre unge menneske pussar opp eit hus i det gamle fiskeværet Hesteyri i Jökulsfjörur på nordvestkysten av Island. Vinteren er i anmarsj, og dei byrjar å ane at dei ikkje er aleine i det etterlata været. Samtidig vert ein ung lege dregen inn i etterforskinga av eit sjølvmord. Den avdøde er ei eldre kvinne som ser ut til å ha vorte besett av legen sin son, som forsvann tre år tidlegare – og som framleis er vekke.

Denne boka har også vorte filmatisert, og kan sjåast på kino i desse tider.

2. Macbeth (Jo Nesbø)

Den korrupte politimeisteren som har styrt industribyen ned i ei hengemyr av korrupsjon, kriminalitet og kaos, vert drepen. Då vert folket sitt håp tent, men i kulissene er maktkampen er i gong. Førstebetjentane Macbeth og Duff, tidlegare bestevennar frå barneheimen dei voks opp på, har begge markert seg i kampen mot byen sine to rivaliserande narkotikabander. No kjempar dei om same leiarstillinga i politiet. I mellomtid legg den vakre og mektige kasioneigaren Lady ambisiøse og mordariske planar for seg sjølv og elskaren sin, Macbeth.

3. De fire løgnerne (Ruth Ware)

Dei lova kvarandre å vere ærlege mot kvarandre, men ein av dei lyg. Tekstmeldinga kjem midt på natta. Det er berre tre små ord: Eg treng deg. Isa droppar alt, tek med seg den lille dottera og reiser straks til Salten. Her gjekk ho på kostskule saman med sine tre beste venninner. Venninnene pleia å spele noko dei kalla «lygespelet». Dei konkurrerte om å fortelje usanne historier til skulekameratane, og om dei vart trudd på, fekk dei poeng. Det var berre ein regel: Dei skulle ikkje lyge til kvarandre.

4. Offermyra (Susanne Jansson)

Myrområdet er ein aude stad, innhylla i tåke, men samankropne furutre og nedsenka våtmarker. Ein gong i tida vart det ofra til gudane her, og rykta seier at i desse traktene forsvinn menneske sporlaust – den dag i dag. Hit kjem den unge biologen Nathalie for å gjere feltarbeid til doktoravhandlinga si om våtmarker. Snart vert det klart at ho eigentleg er ute etter eit meir personleg ærend. Når ein kropp kjem til syne i myra gir det Nathalie – og politiet – eit skremmande høve til å byrje å grave i fortida. Gamal urett, sjokkerande oppdagingar og djupt gravlagde hemmelegheiter stig til overflata, både i offermyra og i minna.

5. Istider (Fred Vargar)

Ei kvinne vert funne myrda i badekaret sitt. Alt er gjort for at det skal sjå ut som eit sjølvmord. Eit underleg symbol som vert funne på åstaden, gjer at det lokale politiet kontaktar førstebetjent Adamsberg. Når det same symbolet dukkar opp etter eit nytt drap, byrjar det å likne eit mønster: begge offera var med under ei tragisk hending på Island ti år tidlegare. Ei gruppe franske turistar vart sittande fast i ei ugjennomtrengeleg tåke på ei lita aude øy. To av dei kom aldri tilbake. Men kva er det som knyttar desse dødsfalla til ein klubb der ein dyrkar den franske revolusjonen, ikledd tidas gevanter.

Marte Engeset Foldal og Janita Mo
FOR DEI SOM LIKAR KRIM: Marte og Janita seier at "Ulvefellen" og "Filledokka" er gode alternativ for dei som likar krim- og thrillerlitteratur. Foto: Lene Flataker.

6. Eugen Kallmanns øyne (Håkan Nesser)

Leon har mista kona og dottera i ei båtulykke utanfor austkysten av Afrika, der dei var på ferie. For å få ein ny start på livet, flyttar han til den lille byen K, der han får jobb på den vidaregåande skulen. Han overtek stillinga etter lektor Kallmann, som lide ein mistenkeleg død. Kven var han eigentleg? Var dødsfallet ei ulykke? Korleis går det med etterforskinga? Det er ei tid med framandfrykt og fiendtlegheit. Hakekors vert teikna på skulen sine veggar. Det skrivast hatbrev. Og i ei skrivebordsskuff finn nokon letor Kallmann sine etterlata dagbøker.

7. Jakten på Tyven-tyven (Jørn Lier Horst) – for dei yngre lesehestane

Kunstmuseet i Elvestad har fått låne det berømte måleriet Tyven i ein månad. Tiril og Oliver går for å sjå det, og oppdagar at måleriet som heng på veggen er ein kopi. Tyven er stelt! Dermed byrjar Jakten på Tyven-tyven, og du får vere med på å finne sport, fylgje leietrådar, knekke kodar og løyse oppgåver. Det gjeld å ha augene med seg. Løysninga finnast skjult i teksta og i bileta.

8. Den du ikke ser (Jonas Moström)

Nathalie Svensson, psykiater og medlem i rikskriminalen si profilieringsgruppe, trivast eigentleg slik livet er no. Som nyseparert har ho skaffa seg eit eittroms i Stockholm. Der kan ho ta seg fri, og leve eit anna liv enn det som lege og mamma heime i Uppsala. På veg heim etter ein sein kveld på Café Opera, får ho ein SMS frå Rickard Ekengård, den berømte skodespelaren ho var saman med ei natt nokre veker tidlegare. Han vil treffe ho igjen. Dei bestemmer seg for å møtast på Karlaplan, men når ho kjem dit, vert ho vitne til at Rickard vert brutalt skutt og kasta i fontena. Overfallet er nærast identisk med mordet på hennar store kjærleik – ei ti år gamal drapssak som aldri vart løyst. Snart er Nathalie innblanda i ei skremmande verkelegheit som vert mørkare dess nærare sannheita ho kjem.

Dette er den første boka i serien til Moström om Nathalie Svensson.

9. Ulvefellen (Aslak Nore)

Den unge frontkjemparen Henry Storm vender nedbroten og desillusjonert attende frå Østfronten sumaren 1942. Med seg har han Jernkorset og viten om at han har kjempa på feil side. Då ein høgreståande tysk offiser foreslår at Henry tek opp att sine tekniske studier i Tyskland, ser han på moglegheita for å tene motstandsbevegelsen si sak. I Berlin er den framadstormande SS-offiseren Werner Sorge på jakt etter «Griffen» - ein tysk spion som lekk informasjon om det topphemmelige rakettprogrammet V2 til dei allierte. Då Sorge skjønar at nordmannen Storm kan leie han til Griffen, legg han ut ei ulvefelle: ei vakker, polsk kvinne som opererer som dobbeltagent. Om Henry lukkast med sine planar, kan han forandre krigen sin gang, men Sorge rykkar stadig nærare.

Aslak Nore vart 15. mars i år tildelt «Den gylne revolver», også kjent som Rivertonprisen, for denne boka.

10. Filledokka (Daniel Cole)

Eitt lik. Seks offer. Og ein forferdeleg deadline. Heile nasjonen er besett av den berykta «filledokkemordaren». Kvar einaste nyheitssending og avisoverskrift er besett av historia. Eitt lik vert funne bestått av avskore kroppsdelar frå seks offer som er samansydd som ei filledokke. William Fawkes ved London Metropolitan Police vert sett på saka. Han er nettopp tatt inn i stillinga igjen som etterforskar. Med seg har han sin tidlegare kollega, etterforskar Emily Baxter. Filledokkemordaren gjer narr av politiet ved å sende ei liste med namn til media. Og datoen for når han kjem til å ta livet av dei namngitte. Etterforskarane har seks personar dei skal redde. Klarer dei å stoppe mordaren når heile verda granskar kvar einaste rørsle dei gjer?

 

Les også: Test kunnskapen din i Nærnett sin påskekviss!