Tiltalte i overfallssaka dømt etter straffelova

Illustrasjonsfoto: Arkiv.

Retten finn det bevist over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at den tiltalte oppfyller vilkåra for straff.

"Etter ei samla vurdering finn fleirtalet at straffa i vår sak, passande kan settast til fengsel i ni månadar. Til frådrag i straffa kjem 111 dagar vartekt" står det i dommen frå Søre Sunnmøre tingrett.

Natt til søndag 3. desember 2017, ca kl 03.00, tok den tiltalte mannen i 20-åra seg inn i eit bukollektiv i Halkjelsgata i Volda. Han drog ho ut av senga, satt seg over ho og tok kvelartak på ho. Den fornærma fekk problem med å puste, men klarte å slå og sparke seg vekk i frå halsgrepet til den tiltalte. Ho sprang inn på naboromet medan den tiltalte fortsatt prøvde å ta ho. 

Les også: Kan bli dømt til ett år og to måneders fengsel

Retten har etter ei samla vurdering funne det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at det er tiltalte som har utsatt fornærma for ei grov kroppskreinking. Den tiltalte straffast for brot på straffelova § 271 og § 272, som omhandlar grov kroppskreinking. Alvorlegheitsgrada styrkast av at handlinga har vorte utført mot ein forsvarslaus person, utan nokon foranledning. Saka karakteriserast som eit overfall.

I dommen legg retten vekt på fornærma si forklaring om at tiltalte sa at det "ikkje var vits å gjere motstand" i det han gjekk inn på rommet hennar.

Grov kroppskreinking straffast med inntil 6 års fengsel. Ved avgjerdsla om kroppskreinkinga er grov, skal det særleg leggast vekt på om den har hatt tatt til følge sterk smerte, skade eller død.

Retten finn det også passande at oppreisingserstatninga til fornærma skal settast til 35.000 kr.