– Ein rein seriefinale!

Toppoppgjer i 6.divisjon.

Tysdag kveld barkar dei to beste laga i 6.divisjon saman, når Vanylven tar imot Åmdal til toppkamp på Eidsåvoll stadion.

–  Det blir ein veldig tøff kamp og kan fort vera sesongfinalen allereie no. 

Det seier Vanylven-trenar, Ole Per Kragset, til Nærnett før kveldens kamp, som rakt kan vere avgjerande for kven som sikrar seg opprykk frå 6.divisjon.

I skrivande stund er det berre ein målforskjell, favør Vanylven, som skil dei to laga på dei to øverste plassane i 6.divisjon.

Begge laga har notert seg for 24 poeng, og har klar bane mot opprykk.

–  Me må gå ut og tørre å styre kampen frå start av.  Me går alltid for å vinne fotballkampar, held Kragset fram. Nærnett snakkar med Kragset berre timar før det brakar laus på deira heimebane, Eidsåvoll stadion. 

– Seriefinale

Åmdal-trenar, Johan Liseth Pedersen, vedkjenn at kampen vert spennande. 

– Det blir ein fryktelig spanande kamp. Me reknar med at det blir ein rein seriefinale, seier Pedersen, før han held fram.

SERIEFINALE: Åmdal-trenar, Johan Liseth Pedersen, er klar på at kveldens kamp må vinnas. FOTO: Privat

– Eg trur det er to lag som vil angripe, men samstundes kjem til å vera forsiktig, seier Åmdal-trenaren.

Åtte sigrar og eitt tap er fasit for dei to laga, til no i sesongen. Målforskjellen på 12 mål kan vera avgjerande når sesongen er omme. Etter dagens kamp, gjenstår det fire kampar før me veit kven som tar steget opp ein divisjon.

– Klart kampen i kveld har mykje å seie for utfallet av serieavslutninga. Me skal uansett, uavhengig av resultatet i kveld, prøve å fortsetje i same sporet som vi har gjort i heile år. Me tar alle resterande kampar like seriøst og vil vinne kvar kamp, presiserer Pedersen.

Vanylven på si side, er opptatt av å ta ein kamp av gongen. 

– Det er nok litt klisjè å sei, men me tar kamp for kamp og målsetnaden blir naturleg nok å gå for opprykket, avsluttar Vanylven-trenar Kragset. 

Korleis seriefinalen går, kan du følgje på Nærnett si heimeside frå 18.30 i kveld.