– Vi føler oss litt tråkka på

Kjell Erik Rotevatn synest det er trist at myndigheitene ikkje prioriterar føraropplæringa i skulen. Foto: Inga Lill Nord Nyvoll. 

Sidan køyretimar ikkje er gyldig fråvær for elevar på vidaregåande skule har ei enorm omveltning vert realiteta for køyrelærarar som må jobbe seine kveldar. 

I Volda og Ørsta kommune finnes det elleve trafikkskular ifølge Statens Vegvesen si nettside. Blant desse er Rotevatn trafikkskule den eldste trafikkskulen i distriktet. Skulen har vert i bransjen sidan 1976, ikkje lenge etter trafikklærarutdanninga sjølv kom på bana. Kjell Erik Rotevatn, som er dagleg og fagleg leiar ved trafikkskulen fører stafettpinnen vidare etter sin far.

– Eg er stolt av det grunnlaget faren min lagde då han starta dette, og kan med handa på hjartet sei at eg elskar jobben min og gledar meg til jobb kvar dag. Eg føler meg veldig heldig. 

Pålegg frå styresmaktene

Rotevatn fortel om korleis føraropplæringa har endra seg dei siste ti-åra sidan far hans dreiv skulen. Sidan då har blant anna fråværsgrensa, nye læreplanar og nullvisjonen satt sitt preg på bransjen. Nullvisjonen er ein visjon om at det ikkje skal vere nokon drepte eller hardt skadde i trafikken. 

– Denne fråværsgrensa har vert spesielt utfordrande. Vi føler oss rett å slett litt tråkka på. Er ikkje vårt yrke like viktig som andre yrke? Vi får samfunnsmessig viktige krav som blant anna nullvisjonen, men så får vi og heilt andre pålegg frå politikarane som gjer at vi ikkje blir tatt heilt seriøst. 

Omveltning for arbeidstida

Den nye fråværsgrensa for vidaregåande skule som vart satt frå hausten 2016 har skapa mykje debatt. Køyretimar er ikkje rekna som gyldig fråvær og mange elevar har sett seg nødt til å ta timar etter skuletid. Dette har ført til ei enorm omveltning og fleire utfordringar i føraropplæringa sidan. Mange sjåførlærarar har familie og born, og det gjer det spesielt utfordrande når arbeidstida då endra seg. Arbeidstida for mange i yrket er no ofte mellom klokka tre og ti på kvelden. I feriane er det og veldig mykje pågang fortel Rotevatn. 

– Vi har eit samfunnsansvar, og vi jobbar hardt for at alle våre elevar skal vere trygge og gode sjåførar i trafikken. Viss ein ikkje er 110 prosent inne for å gjere ein god jobb så synast eg ikkje ein skal vere i dette yrket. Med denne fråværsgrensa gjer myndigheitane det vanskelegare for oss å gjere akkurat det.

Rotevatn legg heller ikkje skjul på at han har høyrt om fleire som vel andre yrke, og påpeikar at han håpar det ikkje er starten på noko meir. Sjølv har han ikkje opplevd noko rundt akkurat dette lokalt. Rotevatn beskriv at myndigheitane virkar noko sjølvmotseiande når dei talar om nullvisjonen, men samstundes ikkje prioriterar trafikkopplæring som godkjent fråvær.

– Eg saknar at dei som kunne talt vår sak, sånn som samferdselsdepartemantet, ikkje har gjort noko med dette. Sjølv om ein kanskje ikkje treng førarkort på Grunerløkka synast eg det vert noko forskjellsbehandling frå myndigheitane si side. Ein skal ikkje langt før det vert vanskeleg å få til å levere borna i barnehagen og rekke jobb osv. utan førarkort.

Kjell Erik Rotevatn sakna at nokon tala deira sak då fråværsgrensa kom hausten 2016. Foto: Inga Lill Nord Nyvoll

Menn over 45 – ny vegtrussel

Rotevatn bekreftar at ungdomsulukkene no har gått ned. I samarbeid med blant anna politiet, Trygg Trafikk og fleire har Statens Vegvesen drive mykje førebyggingsarbeid på dette området. Betre holdningar, betre bilar og betre opplæring nevnast som nokre av årsakene til at ungdomsulukkene no endeleg går ned. Rotevatn fortel at han trur læreplanen held godt, og viser resultater. 

Rune Karlsen, sjef for utrykningspolititet sa og til VG i eit intervju 2.januar at det er menn over 45 som ferdast mest på vegen. Han legg til at denne gruppa dermed og er dei som tar flest risikoutfylte handlingar fordi dei meiner dei er erfarne sjåførar.

Det vert og stadig fleire eldre som køyrar bil på vegen. Rotevatn ser ikkje bort i frå at det kan kome nye lovpålagte tiltak som kan sikre køyrekvaliteten blant det norske folket, og at oppfølging kan verte eit større tema i framtida.

Les også: mobilbruk i trafikken

Lita bransje, men skjerpa konkurranse

Med mange sjåførlærarar på to mindre tettstadar er det ikkje rart at det vert noko konkurranse. Rotevatn syntes det er noko spesielt at det er såpass mange trafikkskular i nærområdet, men legg til at fleire av trafikkskulane i Volda er familiebedriftar. Med ein god balanse av yrkesstoltheit og audmjukheit seier Rotevatn likevel at han ser på konkurransa som noko positivt.

– Eg synast det er sunt med konkurranse. Då held me oss skjerpa og kreative. Å ha monopol i ein slik bransje gir stor fare for at ein kan bli sløv meinar eg. 
 Rotevatn kommenterar derimot at han er noko overraska at ein ikkje har tettare bånd i ei såpass lita bransje. Det burde vere enkelt å vere venar, avsluttar han. 

 

Les også: farlige skoleveiar