Trafikkulykke ved Liadal

Totalt fem personar var involvert.

Politiet i Møre og Romsdal melda kl. 18.14 på Twitter at det har vore ei trafikkulykke på E39 ved Liadal i Ørsta.

Totalt fem personar var involvert i ulykka, og det skal ha vore ein front mot front-kollisjon. Dette skjedde i ein av dei siste svingane i Rindane før Lianeset, det skriv Møre-Nytt.

Dei første meldingane gjekk ut på at ein bil hadde køyrt inn i ein hengar, for så å treffe eit køyretøy i motgåande felt, skriv Møre-Nytt vidare.

Luftambulansen kom også til staden, men personane vart transportert til Volda sjukehus med ambulanse for ein sjekk.

Det danna seg lange køar på E39 i etter ulykka, men no dirigerast trafikken manuelt forbi ulykkesstaden.