Trafikkulykke på Vartdalstranda

Trafikkulykke Vartdalstranda

STILLESTÅENDE: Trafikken i området beveger seg lite framover etter ulykka. Foto: Annabelle Sørensen

To bilar var involvert i ei trafikkulykke ved Flåvika, Vartdalstranda, onsdag morgon. Trafikken går no som normalt igjen.

Oppdatering kl. 10.03: Politiet er ferdige på staden, og trafikken går som normalt igjen. Politiet opprettar sak. Det er svært glatt på staden, noko som kan vere medverkande til ulykka.

Politiet kom onsdag kl. 08.23 ut med melding på Twitter om trafikkulykke mellom to bilar ved Flåvika, Vartdalstranda, i Ørsta kommune.

To personar totalt var involvert i ulykka. Skadeomfanget er uvisst. 

KOLLISJON: Begge de involverte bilene er blitt tauet bort fra stedet. Foto: Annabelle Sørensen

Trafikken i området stod stille i om lag ein time som følge av ulykka.

– Begge dei involverte personane vart sendt til sjukehuset i Volda, seier operasjonsleiar i politiet, Sindre Molnes til Nærnett. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader.

– Det er enda for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka, annan enn at det var glatt i dag tidleg. Saka må vi etterforske på normal måte.