Sivilombodsmannen med sterk kritikk mot Ålesund sjukehus

HØG RISIKO FOR MAKTMISBRUK: Aage Thor Falkanger, Sivilombodsmannen i Noreg, seier at utfordringane ved avdeling for sjukehuspsykiatri utgjer ein klar risiko for maktmisbruk. Foto: Lene Flataker.

Avdelinga for sjukehuspsykiatri brukar for mykje tvang mot pasientane. Vedtak om tvangsmedisinering og skjerming er svakt grunngjeve.

Sivilombodsmannen leverte 12. desember 2017 ein rapport etter eit tilsyn på Ålesund sjukehus, avdeling for sjukehuspsykiatri. Rapporten inneheld sterk kritikk av sjukehuset sin omfattande bruk av tvang. Pasientar vert skjerma, isolert, lagt i belte og tvangsmedisinert utan at sjukehuset dokumenterer at lovar og reglar er fylgt.

Her er nokre av dei punkta ombodsmannen kritiserer:

Tvangsmedisinering med lite grunngjeving og informasjon

Når eit vedtak på tvangsmedisinering vert gjort, må sjukehuset gje pasienten informasjon og vedtak skriftleg. Sjukehuset sine rutiner var å gje pasienten munnleg informasjon, og om klagerett til Fylkesmannen. Sivilombodsmannen påpeikar også store svakheiter i korleis avdelinga grunnar vedtaka. Journalnotatar viste at sjukehuset i dei fleste tilfelle ikkje hadde dokumentert om lova sine vilkår var oppfylt.

"Vurderinga framstod gjennomgåande som knappe og basert på standardformuleringar", skriv Sivilombodsmannen.

Det var i liten grad dokumentert om pasienten var informert om moglege verknadar og biverknadar av legemidlane, eller i kva grad pasienten var gitt moglegheita til å påverke val av type og dosering av medikament.

Utrygt personale gav meir bruk av tvang

I rapporten står det skrive at frykt og utryggleik blant personalet utgjer ein klar risiko for uforholdsmessig bruk av tvang. Det framkom ein del opplysningar, både frå pasientar og personalet, om bruk av tvang som kunne vore løyst ved mindre inngripande tiltak.

Funn under besøket viste at politiet ved fleire høve i 2017 har vorte tilkalla for å ivareta sikkerheita på avdelinga for sjukehuspsykiatri. Politiet vart ved minst eitt tilfelle tilkalla som ekstra sikkerheit ved oppløysing av belte. Det kom også fram at politiet hadde ein vaktfunksjon inne på skjermingseiningane, og dei kom som regel i uniform. Sivilombodsmannen skriv vidare i rapporten at der også er andre situasjonar der det kan stillast spørsmålsteikn ved om situasjonen tilsa at politiet bør vere involvert.

Mykje skjerming med mangelfull grunngjeving

Skjerming er eit tiltak som reknast dels som eit behandlingstiltak og dels som eit tiltak for å skjerme andre pasientar. Ifølgje Sivilombodsmannen mangla sjukehuset ofte ei tilstrekkeleg grunngjeving på kva som gjorde at skjerming av pasientar var nødvendig. Mangelfull vedtaksføring ved tvangsbruk generelt er eit brot på pasienten si rettssikkerheit og svekkjer pasienten si moglegheit til å klage.

I 2015 fatta Ålesund sjukehus, avdeling for sjukehuspsykiatri, 52 vedtak om skjerming. Året etter fatta dei 103 skjermingsvedtak, ei dobling på berre eitt år.

For kort undersøkingstid

Alle pasientar som har vore underlagt tvang, skal ha ei obligatorisk undersøkingstid på fem døgn. Det var gjort funn i rapporten om at denne undersøkingstida på fem døgn vart fråvike, utan grunngjeving i journalen.

Sivilombodsmannen understrekar at brot på obligatorisk undersøkingstid er ein alvorleg saksbehandlingsfeil som kan medføre at vedtaket sjåast som ugyldig.

Langvarige og hyppige belteleggingar

Langvarige belteleggingar er fortsatt ei utfordring i akuttseksjonen, viser Sivilombodsmannen sitt besøk. Pasientar sov ofte i belteseng, og manglande nattbemanning på avdelingane gjorde at pasientar ikkje vart løyst ut frå senga. Mange av dei tilsette grunna langvarig bruk av belteseng med lav bemanning, særleg på nattetid, noko Sivilombodsmannen finn svært alvorleg.

I perioden 1. januar til 28. juni 2017 var den gjennomsnittlege opphaldstida i ei belteseng 10,98 timar, med ein median på 7 timar. I dette tidsromet hadde særleg ein pasient hyppige og langvarige belteleggingar. På ein månad vart det fatta åtte vedtak om mekaniske tvangsmiddel på denne pasienten. Fem av vedtaka varte mellom 18 og over 39 timar. Det var og funne eit tilfelle hausten same år der ein pasient var beltelagt samanhengande i tre døgn og ein time.

Risiko for maktmisbruk

KRITISERER ÅLESUND SJUKEHUS: Aage Thor Falkanger rettar sterk kritikk mot avdelinga for sjukehuspsykiatri. Foto: www.sivilombudsmannen.no

Ombodsmannen gav sjukehuset ei rekke tilrådingar for å sikre pasientane sine rettar, auka tryggleik blant tilsette og mindre bruk av tvang. Sivilombodsmannen i Noreg, Aage Thor Falkanger, fortel at det vart funne fleire manglar i sjukehuset sin praksis.

– Som påpeikt i rapporten, vart det funne manglar når det gjaldt sjukehuset sin praksis ved bruk av tvang. Blant anna var det i fleire vedtak svakt grunnlagt kvifor lova sine vilkår var oppfylt. Dette gjaldt særleg skjermingsvedtak og vedtak om behandling utan samtykke, seier Falkanger.

– Funna vi gjorde på sjukehuset, viser at sjukehuset framleis har utfordringar med bruk av langvarig beltebruk, og at frykt blant tilsette utgjer ein klar risiko for uforholdsmessig maktbruk. Vi er også bekymra for at mange pasientar som vart skjerma i praksis hadde begrensa fridom til å bevege seg, og måtte vere mykje inne på rom med eit sterlit preg. Dette påverkar også omfanget av tvangen, fortel Falkanger vidare.

– Fann dykk nokon lovbrot under besøket?

– Sivilombodsmannen si førebyggingseining behandlar ikkje enkeltsaker under besøka, men ser på dei generelle forholda for alle som er fråteken fridomen sin. Vår rolle er først og fremst å førebygge alvorleg risiko for enkeltmenneske, sjølv om det ofte fylgjer av våre funn at ein praksis står i eit problematisk forhold til menneskerettslege standardar eller norsk lov. Ofte vil det vere snakk om gråsoner der det ikkje er openbart at det har skjedd eit lovbrot, men kvar det likevel er høg risiko for umenneskeleg eller nedverdigande behandling, avsluttar Sivilombodsmannen.

Tek påpeika på alvor

TEK TILRÅDINGANE PÅ ALVOR: Avdelingssjef for sjukehuspsykiatri, Nils-Arne Skagøy,  utarbeidar no ein handlingsplan. Foto: Privat.

Sivilombodsmannen gav Ålesund sjukehus, avdeling for sjukehuspsykiatri, frist til utgangen av mars for å svare på tilrådingane han kom med. Nils-Arne Skagøy, avdelingssjefen for sjukehuspsykiatri, seier at han er takksam for tilrådingane og tek dei på alvor. 

– Ut i frå det som vart påpeikt i rapporten, vert det no utarbeida ein handlingsplan. Vi jobbar no med tilbakemeldinga til Sivilombodsmannen, men av ulike grunnar måtte vi utsetje fristen nokre veker.

I rapporten vart det nemnt fleire gongar at vedtaka som var gjort i samsvar med undersøkingstid og skjerming, ikkje var tilstrekkeleg grunngjeve. Skagøy seier her at dei må gjere forandringar i malar, og tilstrekkeleg dokumentere kva som vert gjort og kvifor.

– Det er viktig at vi er gode på lovverket, spesielt etter lovendringane som har kome det siste året. Det er vår jobb å sørge for at rettssikkerheita for den enkelte pasient vert ivaretatt, og då skal det sjølvsagt ligge ei vurdering for dei vedtaka som vert handsama, fortel Skagøy.

– Noko vi burde ha endra på lenge før

På spørsmål om kva han sjølv ser på som dei største svakheitene og manglane ved avdelinga, nemnar han beltesenga, tvangsbruk og utryggleiken blant dei tilsette.

– Oppbevaring av beltesenger i korridoren ved akuttmottaket var noko vi endra på 1. januar i år. At beltesenger er det første ein møter ved ei innlegging, er ikkje bra. Dette er noko vi burde ha endra på lenge før. Vi må også jobbe målretta med forbetringspunkta innan tvangsbruk. Vi ser at tvangsbruken er redusert siste driftsår, og vi målretta arbeid gjev resultat. Tilsynsrapporten seier noko om at personalet opplev utryggleik. Her er det viktig å ha fokus på korleis ein møter situasjonar der pasientar kan opplevast som trugande og aggressive.

Han fortel vidare at det er krevjande for alle å møte slike situasjonar, så dei underviser alle dei tilsette på avdelinga i eit større kompetanseprogram som heiter TERMA (Terapeutisk møte med aggresjon). Programmet sitt hovudfokus er etisk refleksjon, førebygging og terapeutisk tilnærming til aggresjon.

– Vi har også mykje samhandling med politiet. Her må vi sjå nærare på samhandlinga når politiet bistår i seksjonen, noko rapporten også påpeikar. Det er viktig å avklare kva roller ein har når politiet er til stades.

Skagøy avsluttar med å nemne at tilsynsrapporten understrekar at pasientane hadde eit positivt inntrykk av verksemda.