Ulsteinvik samla seg for Warholm

JUBEL: Sjøborg kulturhus tok helt av under Karsten Warholms gulløp mandag. (Video: Philip Moe Haugland)

Karstens bestefar, Erling Warholm, var ein glad mann etter at Karsten forsvarte VM-gullet frå London.

ULSTEINVIK: Nærnett var på plass i Ulsteinvik der folket var samla i kulturhuset for å få med seg gullløpet til Karsten Warholm.

Bestefar Erling Warholm fekk mykje mediemerksemd under og etter løpet.

– Kor mykje betyr dette her for dykk som besteforeldre?

–  Det betyr utroleg mykje, men litt plagsomt. Me har blitt litt kjendisar, men det går fint. Det er verkeleg stort for bygda og framstega som er gjort er kjempemessig. For heile familien.

Warholm gull bestefar og bestemor
SPENT: Bestefar Erling og bestemor Kristine Warholm var mildt sagt nervøse under gulløpet til barnebarnet Karsten. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

– Har dykk hatt noko kontakt med Karsten?

–  Jada, me har prata og han har snakka om at det er fin temperatur og er nøgd med opphaldet.

– Korleis tror du Karsten kjem til å feira dette?

– Eg trur det blir roleg. Eg trur ikkje det blir noko fest.

Rørte besteforeldre Warholm
RØRT: Besteforeldrene til Karsten Warholm var tydelig rørt når de hørte seiersintervjuet med barnebarnet etter løpet. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

– Fantastisk ambassadør for Ulsteinvik

Ordførar i Ulsteinvik Knut Erik Engh var i ekstase etter gulløpet.

– Kva skal ein seie? Det er heilt utruleg og det er nesten ikkje til å tru, men likevel så trur me det fordi Karsten er ein fantastisk ambassadør for Ulsteinvik, jubla han.

JUBEL: Jubelen sto i taket i kulturhuset i Ulsteinvik då Warholm sprang inn til VM-gull. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

Kor viktig er dette for Karsten Warholm og Ulsteinvik som kommune?

– Aller viktigast for Karsten naturlegvis, og så er det viktig for Ulstein fordi Karsten er ein av våre beste ambassadørar. Han skryt av folket sitt heima og han skryter av oppveksten sin, og det at Ulstein har vore ein bra plass å vokse opp, det er viktig for oss at han fortel. 

Betyr mykje for Dimna

Ungdomstrenar og sportsleg leiar i Dimna IL, Atle Halsøy, var stolt av sin tidlegare elev.

– Dette betyr mykje for Dimna. Me kjem til å veksa fleire hakk med dette gullet, og ungdomen i Dimna ser at det går ann å nå utruleg langt berre ein er tålmodig og står på, så kan ein verta verdsmeister. 

– Korleis er Karsten som et førebilete for dei yngre utøvarane?

– Han er heilt sikkert eit kjempestort førebilete, dei ser no at det går faktisk ann å bli veldig god, og dei får kopiera same oppskrift som han har hatt og har alle moglegheiter viss dei står på og er tålmodige. 

– Kor mykje av æra vil du ta?

– Me skal ta vår del av æra, både eg som trenar og resten av Dimna. Det er lagt ned veldig mange timar med jobb for å få han fram der han er i dag, så me skal ta vår del av æra.