Medalje og fleire klubbrekordar for Ørsta IL under Ungdomsmesterskapet

UM 2019

Under helgas UM i Ulsteinvik vart det sett klubbrekordar for Ørsta IL på 60 meter, 800 meter og høgde.

Denne helga vart UM i friidrett innandørs avvikla i Ulsteinhallen av Dimna IL, og dei seks lokale talenta frå Ørsta IL gjorde fleire sterke prestasjonar. Fleire klubbrekordar vart slått, skriv Ørsta IL på sine heimesider. Amalie Tomasgard tok bronsemedalje i klassen J17 på 1500 meter på tida 5.31.06.

To klubbrekordar vart sett på løpsdistansar. Johannes Eiksund sette rekord då han sprang 60 meter på 7.45 i klassen G16. Tida heldt til ein 5. plass i Eiksund sin klasse. På 800 meter i klassen G18/19 sette Nahom Kibreab klubbrekord då han sprang inn til 11. plass på tida 2.04.02. Kibreab sprang og 400 meter på 54,08, som heldt til 9. plass.

Det vart også sett klubbrekord for Ørsta IL i høgde, uavhengig av klasse. Elias Hovden Nilsen kom på 5. plass då han hoppa 1.70 meter i G18/19-klassen.

Av andre lokale utøvarar kom William Lillefosse (G16) på 7. plass i kule med eit støt på 9,07 meter, og Jørgen Andre Førde sprang inn til 14. plass på 800 meter i klassen G18/19 på tida 2,11,74.

 

For arrangørklubben Dimna IL vart stemnet ein sportsleg suksess. Idrettslaget frå Ulsteinvik tok nemleg heile 15 medaljar, fordelt på fire gull, sju sølv og fire bronse. Jonas Andre Ose tok fire av desse medaljane, og mellom desse vann han gull på 60 meter og 200 meter. Elles tok Kornelia Roppen og Marie Teige Grov den edlaste medaljen i høvesvis høgde og 1500 m kappgang. Dimna IL hadde nest flest deltakarar på UM, berre bak IL Tyrving frå Bærum.

UM tilsvarar junior-NM i aldersklassen 15-22. Dimna IL arrangerte UM innandørs sist i 2015, rett etter at Ulsteinhallen opna. Om lag 500 deltakarar frå 118 klubbar deltok på stemnet.