Ungdomsråda med miljøtiltak

Ungdomsrådane med miljøtiltak

MILJØTILTAK: Nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Håvard Bjørnerem, samlar no inn svar frå ungdomsråd retta mot miljøtiltak. Har er innvalt fra Midsund, men er i dag student ved Høgskulen i Volda og leiar i Studenttinget i Volda.

Innan 15. oktober skal ungdomsråda i fylket ha klart fem tiltak for å betre miljøet i sine heimkommunar.

– Det blei vedtatt allereie i 2014 at ungdomsråda skulle ha klar fem tiltak for å betre miljøet i sine heimkommunar. Sidan det har gått så treigt, sendte vi ut eit krav om å få inn svar frå råda innan 15. oktober, fortel nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Håvard Bjørnerem. 

Han seier at dei i denne saka har ansvar for å samle inn og gi ut informasjon om det ungdomsrådane foreslår.

For ungdomsråda sin del, har dei den største oppgåva med å få iverksett tiltaka. 

 Sidan det har gått så treigt, sendte vi ut eit krav om å få inn svar

Håvard Bjørnerem

– Dei har sjølv ansvar for å få saka opp i kommunestyret og få miljøtiltaka vedtatt, seier han.

– Viktig å få med seg alle

Nestleiaren i ungdomspanelet meiner miljøsaka er vanskeleg å få vedtatt på mindre stader, og at det er større pågang og meir aktivitet i dei kommunane mest flest innbyggjarar i fylket. Spesielt når det kjem til miljøsaka.

– Men det er jo viktig å få med seg alle når man først er i gang. Vi kan ikkje bare iverksetje miljøtiltak i dei største befolkningsmessige kommunane. Det er ein heilskap i miljøsaka, seier han.

– Om det er å leggje til rette for syklar, fleire midlar til el-syklar, eller om det er å få resirkulering i sentrumsområda. Det er mykje som kan bli gjort.

Ungdommen er framtida, ikkje fortida

Bjørnerem fortel at ungdomsråda ikkje er eit lovfesta organ i kommunane, noko som til tider etter hans meining gjer det vanskeleg for ungdommane å bli høyrt.

– Fordi ungdomsråda bare er eit rådgjevande organ, er det mange av dei mindre kommunane i fylket som heng litt etter. Nokre plassar er det ikkje eit ungdomsråd i det heile tatt, seier han.

Det kan føre til at ungdommen ikkje blir høyrt av lokale politikarar, meiner Bjørnerem.

– I saker som er viktig for ungdom, for eksempel om ein skule skal leggjast ned, er det viktig å få høre kva ungdommen meiner i saka, seier han.

– Ungdommen er ein del av framtida, ikkje fortida, meiner Bjørnerem.  

Fakta om ungdomspanel og ungdomsråd:

  • Ungdomspanelet er fylkeskommunalt – på ein måte fylkeskommunen sitt ungdomsråd.
  • Det består av ni representantar.
  • Ungdomspanelet skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Dei har ansvar for å arrangere ungdommens fylkesting.
  • Ungdomsråda er kommunale.
  • Dei skal fremje ungdom sine interessar og meiningar lokalt. 
  • Dei er ikkje eit lovfesta organ, men eit rådgjevande.