Spør oss - vi spør politikarane!

Val 2019 Spor ein politikar

VAL 2019: Nærnett sine journalistar spør politikarane på Søre Sunnmøre spørsmåla som lesarane lurer på. FOTO: Lene Flataker.

I år er det kommunestyre- og fylkestingval måndag 9. september. Har du spørsmål du ynskjer å stille til politikarane i di kommune?

Veit du kva parti du skal stemme på? Har du spørsmål du vil ha svar på før du bestemmer deg? Send inn til vår Facebook-side eller på e-post nett@hivolda.no. Merk med «Val 2019». Nemn kva kommune det gjeld og parti spørsmålet går til. Alle spørsmål vert stilt anonymt.

Under kan du lese kva parti som stiller med lister til kommunestyrevalet i kommunane på Søre Sunnmøre:

Ørsta:

Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

Nye Volda:

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Partiet De Kristne, Raudt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Volda-lista.

Herøy:

Arbeiderpartiet, Folkelista, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Partiet De Kristne og Senterpartiet.

Ulstein:

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Partiet De Kristne, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

Vanylven:

Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Høgre, Fremskrittspartiet og Helsepartiet.

Hareid:

Venstre, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Fremskrittspartiet, Folkelista for Hareid kommune og Arbeidarpartiet.

Sande:

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Tverrpolitisk liste for Kvamsøy, Sandsøy og Voksa.