Lettare å bli kjende med andre

Kristen og Sverre Bjørke skulle ynskje at det var fleire sosiale tiltak

– Det er viktig at dei som bur her følar at dei ikkje er på ein institusjon, seier Hans Jørgen Viken frå Røde Kors Omsorg.

Han har vore med i Røde Kors i 10 år men ikkje før for to år sidan han vart aktiv i tenesta. No styrar Viken det faste arrangementet som er kvar onsdag klokka tolv på Vallamarka.

Her har han med damene Eli Sporstøl og Norunn Melheim for å hjelpe til med kaffi servering og musikk speling. Han har stelt i stand dette tiltaket fordi han merka at dei som budde der ikkje kjende kvarandre. Arrangementet har ikkje vore meir enn fem gongar, men har allereie blitt godt teke i mot.

Det har mykje å gjere med trivelsen til bebuarane. Det er eit uhøgtideleg arrangement, noko som gjer at det er enkelt å stelle i stand og gjer at alle som vil kan få vera med.

– Det er bra oppmøte og nesten alle som bur her pleier å vera med, bekrefter Viken.

 

GODE HJELPERE: Frivillige Eli Sporstøl,Hans Jørgen Viken og Norunn Melheim sosialiserar bebuarane på Vallamarka. Foto: Mari Kippernes

Ekteparet Bjørke (framsidebilde),  flytta inn i desember og syns det er veldig lite som skjer, så dei setter pris på tiltaket.

– Me prøvar å finne på ting sjølve men er ikkje så lett når me ikkje kjem frå Ørsta sjølv. Ekteparet kjem frå Bjørke som er fire mil vekke i frå Volda.

– Me prøvar å reise heim med ein gong me har anledning, me håpar på å flytte tilbake igjen seinare, men me lyt å ta ein dag om gongen. Me er tross alt 90 og 94 år påpeker Kristen med eit stort smil om munnen.

FASTE DELTAKARAR: Oddveig og Arne Eidheim er med kvar onsdag på tiltaket Røde Kors Omsorg har arrangert.
Foto: Mari Kippernes

– Eg syns det er eit bra tiltak for å bli kjent med fleire som bur her. Vanligvis sitter me berre i kvar vår leiligheit, seier bebuar Oddveig Eidheim.

– Me kjenner ikkje så mange her, men trur dette tiltaket kan hjelpe på det, legg ho til.

– Me plar gå trappane frå kjellaren og opp til tredje etasje kvar dag, det er veldig god trim, seier Oddveig og ektemannen Arne Eidheim og ler.  

Under arrangementet spelte Eli gamle visesongar og dei som kunne teksten song med.

– Det så fint å sjå at dei lysnar opp når dei kjennar igjen songane, seier ho. Det blir pause og bebuarane pratar og et kake dei får servert.    

 

Dette er Vallamarka:

Vallamarka er eit helse- og omsorgbustand i Ørsta med 20 bustandar. Bustandane ligg i andre og tredje høgda over det nye legesenteret. Det er alltid ein sjukepleiar der til ein kvar tid.