Vartdal Plast vil gå i front for isopor-gjenvinning i Noreg

– Vi vil vere eit alternativ for framtida, seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plast.

– Vi skal byrje med gjenvinning av EPS, og håpar på å ha anlegget oppe å gå innan fyrste halvår av 2020, fortel Vartdal.

ØRSTA: EPS er isopor, som er laga av 98 prosent luft og to prosent plast. Funksjonen til isoporen er å få luft til å stå stille, og å få isolering av varme og kulde.

– Det er ein veldig liten del plast i forhold til det volumet som vert produsert hjå oss, fortel Vartdal. Han er barnebarnet til grunnleggjaren av firmaet, og jobbar no for å opprette eit gjenvinningsanlegg for isopor på Melsgjerdet i Ørsta kommune. 

Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plast. (Foto: Lene Flataker)

Har gjort dette før

Vartdal Plastindustri AS vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961, og var den fyrste bedrifta i verda som produserte fiskeemballasje av isopor. Sidan oppstarten har dei også vore medlem i Grønt Punkt Norge.

Isopor vert gjenvunne ved å knuse isoporen og smelte materialet i ein ekstruderingsprosess, slik at det blir eit råstoff. Vartdal Plast vil då kjøpe dette råstoffet, for så å lage nye isopor-produkt som består av hundre prosent gjenvunne materiale.

– Det som er litt artig, er at vi gjorde dette tilbake på 80-90-talet. Vi knuste fiskekassene, og hadde til og med smelteprosessen her på Vartdal. Då var ikkje bruksverdien til råstoffet så stort som det er i dag, og det hadde ikkje den same økonomiske verdien. Så det vi gjorde då, var at vi gav dette råstoffet til det som den gong var Ørsta Kleklypefabrikk.

Fabrikken brukte råstoffet dei fekk frå Vartdal Plast til å lage miljøklypa «Solveig». Den var miljøvennleg sidan den var laga av gjenvunnen isopor.

Vil hente inn isoporen gratis

Plast er i ferd med å bli eitt av verdas største miljøproblem. Ifølgje Naturvernforbundet hamnar 6,4 millionar tonn søppel i havet kvart år, og mellom 70 og 80 prosent av dette er plast.

GRATIS HENTING: Vartdal seier at Vartdal Plast vil hente isoporen gratis til Ørsta. (Foto: Lene Flataker)

– No er det meir fokus på plast og miljø generelt, og vi tek til å tenkje på om vi kan klare å skape ein industri av dette. Det interessante er når ein faktisk klarer å sjå at gjenvinning av miljøarbeid er forenleg med det å drive lønsamt, seier Vartdal og fortel korleis dei tenkjer å løyse logistikken.

FØR SMELTING: Slik ser råstoffet ut før det blir ekspandert til sakkosekk-kuler som igjen blir støpt sammen ved hjelp av damp. til ei kasse eller isolasjonsplate. (Foto: Lene Flataker)

– Vi har no, saman med Retura og Ørsta forankra i VØR, sendt ut invitasjon til stort sett alle miljøstasjonar mellom Bergen og Trondheim. Dersom dei sorterer isoporen slik dei gjer det ved miljøstasjonen i Ørsta, så hentar vi inn isoporen gratis til Ørsta. Våre lastebilar køyrer desse rutene kvar dag, heile tida.

Tek på seg ansvaret som produsentar

Vartdal seier dei vil byggje eit gjenvinningsanlegg for isopor i Ørsta for å synleggjere at det er lønsamt, samtidig som det er eit ansvar som dei som produsentar tek på seg.

– Då vil vi kunne gå ut i regionen og fortelje alle forbrukarane korleis dei skal handtere isoporen, at den blir gjenvunnen og at vi som plastbedrift brukar den gjenvunne isoporen i nye produkt, fortel Vardal og legg til:

– Det meiner vi er heilt avgjerande for å vere eit alternativ i framtida. Vi håpar på å ha anlegget oppe å gå i Ørsta innan fyrste halvår av 2020, fortel Vartdal optimistisk.

Inga grense på kor mange gangar ein kan gjenvinne isopor

– Når ein smeltar isoporen, får du polystyren, og dette råstoffet er det som gjer gjenvinning meir og meir attraktivt innanfor EPS, fortel Vartdal.

Det som er positivt med EPS, er at den er hundre prosent rein EPS, og det er enkelt å gjenvinne.

SIRKULÆR MILJØLØYSING: Når ei slik fiskekasse vert gjenvunne, får ein like mykje råstoff som er i denne posen. Dette vert igjen brukt til å lage nye isopor-produkt. (Foto: Lene Flataker)

– Der er heller inga grense på kor mange gangar vi kan gjenvinne isoporen. Når det gjeld vårt plastmateriale, er det svært etterspurd. Vi får førespurnadar kvar einaste veke frå kjøparar over heile verda, som lurer på om vi har brukt isopor - og det vil dei kjøpe for å lage nytt råstoff.

– Vert det slik som «Use-ReUse»?

– Ja, det blir det. Vi kjøper då dette råstoffet, for så å lage nye produkt av den resirkulerte isoporen. Då får vi ein sirkulær loop, kan du seie. Så, vi er ganske heldige som har eit produkt som faktisk er etterspurd.

Av råstoffet lagar Vartdal Plast også isolasjon til isolering av bustadar.

– Dette bidreg til energieffektive bustadar som i seg sjølv er bra for miljøet. Så, EPS er perfekt i den sirkulære tankegangen, avsluttar Vartdal.

EPS TIL ISOLASJON: Vartdal fortel at dei også brukar råstoffet til å lage isolasjon til bustadar. (Foto: Lene Flataker)