No kjem våren til Søre!

Vårtegn Søre Sunnmøre

KATTLABB: Trea skyt skot og blømer i det varme vêret på Søre. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Årstidene er i endring, og våren legg si varme hand over Søre Sunnmøre. Nærnett har leita fram nokon sikre vårtegn du kan ut og sjå etter.

Vêret blir stadig mildare, snøen forsvinn og trea skyt skot. Våren er i anmarsj på Søre Sunnmøre. Her er eit knippe av dei sikraste teikna på at me er på veg inn i ei ny årstid.

Bier og blomster

– Hovudkjelda for mat for bier og mange andre insekt, er blomar som produserar nektar og pollen, seier Kari Klanderud ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Ho forklarar at den første blomen som dukkar opp er hestehoven, som ein ofte kan sjå i vegkanten, men at seljetreet er det som blømer aller først. Disse skota kallast gjerne «gåsungar» eller «kattlabbar»

VÅRBLOM: Hestehoven treng seg gjennom både fast og laust dekke, som ein gul føniks. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

– Etter kvart kjem òg blåveisen og kvitveisen inn. Dei veks begge i skogen, men blåveisen er nok litt meir kravstor og held seg difor til meir kalkrike område.

– Insekta er eit akkurat like viktig vårteikn som blomane. Er alt som det skal vere, dukkar dei opp samstundes, understrekar Klanderud.

Fugl rulle

Eit sikkert vårteikn for mange, er at trekkfuglane kjem attende. Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier ein allereie no kan høyre mellom anna måltrosten og bokfinken.

– Svarttrosten er òg komen attende, men den syng forbausande nok mindre i år enn den brukar gjere, seier Folkestad. Måltrosten høyrde han derimot synge for første gong på onsdag.

PERMANENT VOLDING: Mandarinanda i Volda sentrum ser ut til å kose seg i vårvêret. Den er ein standfugl, og har tilsynelatande ingen planer om å reise attende til Asia med det første. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Vidare opplyser han at òg linerla kjem attende snart, og at 10. april er datoen fugleekspertar reknar med at den skal ha dukka opp i faunaen.

– Det er gode vêrutsikter for fuglelivet på Søre Sunnmøre framover, så det kan nok tenkjast at sjølv linerla kjem noko tidlegare. Det er ei spanande tid, meiner ornitologen. 

Les òg: Fargerikt medlem av andeflokken

 

God dekkning

Når snø og is takkar for sesongen, må òg bilistane ta omsyn.

– Det ser nok ut som at folk gjerne ventar til etter påske med å skifte dekk, og folk er kanskje litt på gjerdet enno, seier Harald Brauteset ved Humberset bil og mekkverkstad. 

Likevel ser dei at dekkskiftesesongen nærmar seg.

– Mange har kjøpt og bestilt årets sommardekk no nyleg, og det må jo seiast å vere eit vårteikn det òg, humrar Brauteset.

Sol, varme og mildare vêr

Storm.no varslar om eit tidleg aprilvêr mange nok vil teikne som rimeleg vårleg. Fredag vil ein i Volda kunne få temperaturar opp mot 18 varmegrader. Resten av helga og neste veke blir noko kjøligare, men kvikksølvet i gradestokken vil stort sett holde seg godt oppover på plussida av skalaen.

BÅTSESONG: Med det vårlege vêret, kjem òg småbåtar og påhengsmotorar ut i sola. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Pollenallergikarar treng ikkje bekymre seg for rennande nase og tette biholer heilt enda. Norges astma- og allergiforbund varslar om berre beskjeden eller ingen pollenspreiing dei nærmaste dagane.