Austefjord-elevane må til Hornindal

Vedtak om skulekrins

SKULEKRINSEN VART TEMA: Fellesnemda diskuterte skulekrins i dag.  Foto: Andreas Jakobsen

Fellesnemnda i nye Volda kommune hadde møte på Lid Grendahus i dag. Der vart skulekrinsane i nye Volda kommune drøfta.

Fellesnemnda gjekk inn for det administrasjonen hadde tilrådd. Dermed blir det ein ny skulekrins med gamle Austefjord skulekrins, Bjørke, Viddal og Hornindal.

Odd Harald Sundal (U) fremja eit forslag om at Austefjorden skulle høyre til Stor-Øyra krins, men dette blei nedstemt.

Det vart vedteke eit tillegspunkt, om at dersom det blir strukturendringar i området, så skal skulekrinsane vurderast på nytt.

VOTERING: Det skulle stemmes over vedtakene. Foto: Andreas Jakobsen

Stor debatt

Det var mange som ønskte å ta ordet då saka vart debattert i nærare to timar. Blant desse var Odd Harald Sundal (U). Han peika på at høyringane viste at mange i Austefjorden vil høyre til Stor-Øyra krins i Volda.

– Eg synest det er merkelig at høyringsuttalelsane ikkje har blitt tatt opp i tilrådinga til denne saka.

Leiar for møtet Stig Olav Lødemel (H) kom med ein liten tordentale til dei som kunne verke å ha skifta meining på intensjonsavtalen, som skulle bringe unger til Hornindal på skule, og ikkje Volda.

- Eg mislikar politikarar som ikkje held det dei lovar. At 23 av 27 i Volda stemte for ein intensjonsavtale, syns eg er bra. Det eg ikkje likar, er at fleire no har snudd. Skulle dei legge ut åte til oss i Hornindal for å få oss med, for og så trekke tilbake når vi beit på? Som politikar må ein stå for det ein har lova.

Vil styrke skulane

Lødemel (H) og Jørgen Amdam (Ap) peika og på at dei ville ha ein debatt som styrka skulane.

– Ein av dei grunnleggande ideane var å lage ei sterk eining i indre Volda i fellesskap, sa Amdam.

– Eg håpar at vi kjem fram til noko som kan styrke alle skulane. Ønsker vi å legge opp til ei sentralisering mot Volda? Eller ønsker vi å oppretthalde grendene i Volda så lenge som mulig? For meg er ikkje dette ein debatt om skulestruktur, men om korleis vi skal stå fram som ei sterk eining i nye Volda, sa Lødemel.

Det har vore diskusjonar om kva skulekrins Austefjorden skal høyre til i den nye kommunen, der det har stått mellom Stor-Øyra i Volda og Hornindal. På førehand hadde administrasjonen tilrådd at det frå samanslåinga av Volda og Hornindal kommunar i 2020 vert oppretta ein ny skulekrins med gamle Austefjord skulekrins, Bjørke, Viddal og Hornindal.