Volda avgjorde nervedramaet

volda - fjellhammer

THRILLER: Kampen vart eit skikkeleg nervedrama, men Volda var det beste laget og vann 24-21. (Foto: Sjur Tveito)

Det vart ein spennande kamp i Voldahallen mellom Volda og Fjellhammer, men heimelaget trakk det lengste strået og var best i avslutninga.

2. serierunde 1. divisjon Volda 24 - 21 Fjellhammer

Kampen mot Fjellhammer vart ein skikkeleg thriller. Det var jamnt heile vegen, før Volda sat i gang ein durabeleg sluttspurt, som gjorde at dei vann med tre mål. 

Trenar Halldór Stefán Haraldsson oppsummerte kampen slik:

– To veldig gode handballlag som møtast, og så er det me som vinn. Eg sa til jentene før kampen at denne kampen skal avgjerast på veldig små detaljar, og det synest eg den gjer. Fjellhammer bommar litt mykje i andre omgang, og får litt mange 2-minuttarar, og me klarar å utnytta overtalsspeltet vårt veldig bra og det er forskjellen og grunnen til at me vinn.

ter ein
JUBEL: Dommaren bles i fløyta og Volda-spelarane kan feira ein sterk heimesiger. Foto: Sjur Tveito

Ingrid Rye i målform

Ein spelar som utmerka seg i kampen var Ingrid Rye. Ho scora sju mål og var også avgjerande i forsvarspelet. Det var nok til å bli kåra til Voldas beste spelar i kampen. 

– Det var ein veldig slitekamp. Viss me ikkje hadde stått så bra i forsvar så hadde ikkje dette gått så bra som det gjekk, men me står saman og girar kvarandre opp og me klarar det. 

PRIS: Ingrid Rye vart kåra til banens beste. (Foto: Sjur Tveito)

Kva tenkjer du om din eigen prestasjon?

– Det var deilig å få det til. Det sat litt langt inne og vanlegvis plar eg ikkje å skyta så mykje, men i dag møtte eg prøva.

Keeper med tre mål

Kampen mellom dei to 1. divisjonslaga var jamn heilt frå start av, og det var sjeldant større leiing enn med eitt mål mellom laga. Til pause var stillinga 11-10 til heimelaget. 

I andre omgang fortsatte stillingskrigen frå start av, før Volda gjekk opp i ei leiing på tre mål. Fjellhammer tok igjen Volda, før heimelaget avgjorde kampen på slutten, til trampeklapp frå dei frammøtte på tribuna.

Tre av måla Volda scora i kampen sto målvakt Hilde Søyset for. Det er noko som ikkje er daglegdags for ein keeper. Sjølv gir ho forsvaret æra for det.

– Det er sjølvsagt artig, men eg hadde ikkje klard det viss ikkje forsvaret hadde stått så godt. Eg får god hjelp av forsvaret i andre omgang spesielt, og då er det berre å senda ballen i veg.

I FORM: Målvakt Hilde Søyset gjorde fleire viktige redningar, i tillegg til at ho scora tre mål. (Foto: Sjur Tveito)

Kongsberg neste

Neste kamp for Volda er borte mot Kongsberg. Trenar Haraldsson tar med seg mykje positiv frå dagens kamp, men advarar om at 1. divisjon er ein tett liga.

– Me tar med oss at me veit at me kan vinna mot dei beste laga, men me veit også at me kan tape mot dei dårlege laga. Alt er veldig ope i divisjonen. No har me fire poeng og det er ganske bra, men me må vertfall ha 16-18 poeng for å føla oss sikre på å halda oss i serien, seier islendingen.