Reserveferja slit på Volda-Folkestad

Denne veka er det reserveferje på sambandet Volda-Folkestad. Arkivfoto: Patrick Hansen

Medan hovudferja på sambandet er på verkstad, går det reserveferje på sambandet. Den slit med å halde ruta. 

Magnar Jonny Krumsvik har reist med reserven MF Ølen på sambandet Volda-Folkestad denne veka, og er ikkje nøgd med tilbodet.

– Ferja held ikkje rutetidene, og det er ikkje ein gong varsla om forseinkingane. Eg skulle ta ei ferje i går 7.30, men den gjekk ikkje før 7.50.

Krumsvik seier vidare at dei som arbeider på ferja sa at dette skjer kvar gong denne ferja er i drift på sambandet. Han understreker at det ikkje er dei tilsette sin feil.

– Det tar lang tid å tømme og fylle på ferja, sidan det berre er eit spor ut av den. I tillegg går den rett og slett ikkje raskt nok.

Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i Norled. Han bekrefter at ferja slit med farten over fjorden.

– Ferja følger nesten rutetabellen. Dersom det er litt mykje trafikk eller kluss med til dømes ein lastebil, slit den med å halde ruta, fordi den har ikkje mykje å gå på når det gjeld fart. Seinast i går måtte den stå over ein rundtur for å ta igjen ruta.

Norled meldte på måndag at kapasiteten blir noko redusert ut veka, ettersom hovudferja MF Folkestad er på planlagt verkstadopphold.