Volda får besøk av eit ungt og framadstormande Hødd 2

Volda - Hødd 2 forhåndssak

I FORM: Sindre Kleiven scora to mål i kampen mot Ørsta på måndag. No kjem Hødd 2 til Volda og møter eit opprykksjagande heimelag. (Foto: Sjur Tveito)

Volda må vinna kampen mot Hødd 2 for å framleis vera med i kampen om opprykk. Kaptein for Hødd 2, Sindre Kleiven, finn motivasjon i at dei kan hindra Volda i å rykka opp. 

– Me er i den situasjonen at me må vinne kvar kamp skal me hamna på toppen av tabellen. Me går sjølvsagt for siger, seier Rasmus Aarflot, kaptein for Volda.

Før kveldens kamp mot Hødd 2 ligg Volda på 2. plass på tabellen, eitt poeng bak Bergsøy på topp. Hødd 2 på si side ligg på 4. plass, med god margin ned til botn av tabellen og for langt opp til opprykk. 

(Tabellen finn du her)

Men i fylgje Hødd 2 sin kaptein har dei ingen problem med å finna motivasjon til kampen.

– Me må prøva å hindra dei å rykka opp. Me må tenka sånn mot både Bergsøy og Volda. Volda har mykje å spela for, så det hadde vore kjekt å stikka kjeppar i hjula for dei, det er motivasjon i seg sjølv, seier 17 år gamle Sindre Kleiven, kaptein for Hødd 2.

– Vinn me resten av kampane er me på topp

Rasmus Aarflot er klar på at kampen mot Hødd er ein kamp dei må vinna skal dei ha håp om opprykk.

– Me er eitt poeng bak Bergsøy, og skal spela mot dei på heimebane. Vinn me dei resterande kampane er me på topp, og Hødd er eit av laga me må slå.

GÅR FOR SIGER: Rasmus Aarflot seier at siger er det einaste som gjelder mot Hødd 2. Her frå eit tidlegare lokalderby mot Ørsta. (Foto: Johann Roppen)

Sjølv om Volda har klart fleire poeng enn Hødd 2, tar dei ingenting for gitt.

– Dei er eit ungt og godt lag med gode basisferdigheiter. Når dei er gode er dei veldig gode, men dei kan komma litt ut av flyten, og me må utnytta det, analyserer Aarflot.

Kleiven fortel at Hødd 2 kjem til å stilla med eit ungt lag også denne kampen.

– Me har trua på siger, men me er eit ungt lag og me reiser utan mange A-lagsspelar.

Dødballkamp førre oppgjer

Tidlegare i sesongen då Hødd 2 tok i mot Volda på Høddvoll vart det ein målrik kamp. Då endte det 4-3 i favør Volda. 

Rasmus Aarflot meiner at Volda må bruka fysikken i deira favør mot eit ungt Hødd 2-lag.

– Hødd kjenner Volda godt og vice versa. Me skal vera fysisk overlegne dei, og me slo dei på dødballar sist. Dødballar vert viktig for oss i dag også. Men me har utvikla vårt eige spel og håpar me kan spela bra fotball. 

Sindre Kleiven er kjend med at dei slit på dødballar, men håpar at dei kan gje Volda betre motstand på faste situasjonar i denne kampen.

– Dei er større enn oss og me slapp inn to mål på dødball mot dei tidlegare i år. Me må prøva å gå i kropp på dei og hindra dei så mykje me kan, og bruka den styrka me har, avsluttar han.

Kampen mellom Volda og Hødd 2 kan du sjå direkte her på nernett.no. Kampstart klokka 18.00.