Hødd til Volda

Volda møter tidlegare cupvinnar

CUPKLARE: Volda møter Ulsteinviklaget Hødd. Foto: Oddvar Sagbakken Saanum

Fredag formiddag vart det klart at Volda skal ta imot Hødd til cupkamp 18. april. Bergsøy tar i mot Aalesund samme dag.

Onsdag avanserte Volda vidare i cupen etter å ha slått ut Spjelkavik 1-2 på bortebane. Fredag formiddag vart det klart at Volda skal møte Hødd til heimekamp den 18.april.

Drømmemotstandar hadde vore Brann, og få heim Sivert Heltne Nilsen og Lars Arne Nilsen, men dei får me heller ta i 2.runde, smiler onsdagens matchvinnar, Fredrik Kvalsnes.

— Når ein spelar i 4.divisjon, så er det kampar mot store lag som er dei mest motiverande å spele, og det er slike mogleikar me jobbar for kvar dag på trening, fortel Kvalsnes.

Vil ein kamp mot eit storlag gå vidare ut over seriespel?

— Då me møtte Molde i fjor, såg me tendensar til det. Me hadde ei fantastisk oppleving med eit godt 2-3-resultat, og eit par kampar etter det virka me litt utlada. Ein slags bismak, legg Kvalsnes til.

— Eg tykkjer det er heilt greit. Me kan ikkje forvente storfiskar kvart år, og Hødd er eit lag me kan slå, så sjansane er større enn om me hadde fått Molde Ålesund eller Brann. Volda har slått Hødd før, så der er absolutt mogleikar, seier trenar Dagmund Evebø.

Aalesund til Bergsøy

Fjerdedivisjonslaget Bergsøy møter Aalesund i cupens første runde. Trenar Toni Håvard Bertheussen Sandanger er nøgd med trekninga og har tro på ein spennande og gøyal oppleving på Havila Stadion. 

— Dette er ei fin moglegheit for å vise oss fram. Me kan få visa at fotballen på Bergsøy er på rett veg. 

Bergsøy håpar på folkefest og seier dei vil oppmode Aalesund til å få supporterane på kamp. 

— Det hadde vore fantastisk med 1500 menneske på stadion. Me har allereie 1250 tilskoderplassar og kan setje opp ei ekstratribune på den eine langsida for Aalesundssupporterane. 

Han avslutter med at dei vil gjera alt dei kan for å utfordre Aalesund.

— Me inviterer dei ikkje hit for å vinne.