Volda Næringsforum melder seg på i debatten

Volda Næringsforum

ØNSKJER DIALOG: Dagleg leiar i Volda Næringsforum, Stefan N. Halck, ønskjer ein betre dialog om moglegheitane for næringslivet når eit nytt kulturhus i Volda skal avgjerast. Foto: Tarjei Engeset Ofstad. 

Etter at Volda Næringsforum i førre veke blei trekt inn i debatten om nytt kulturhus i Volda, ønskjer dei no å nyansere deira synspunkt. 

I førre veke var det kommunestyremøte i Volda. Då diskuterte dei ei samlokalisering med kino og kulturhus i det nye mediehuset som kjem på campuset til Høgskulen i Volda. 

Debatten blei til tider høg då nokon representantar begynte å snakke om andre alternativ.

Frå talarstolen sa Roald Espset (Frp) at Volda Næringsforum meiner det ikkje vil vere noko utvikling av Volda sentrum, om det nye kulturhuset hamnar på Høgskulen sitt campus.

Det fikk Gunnar Strøm (SV) til å gje motsvar:

– At næringsforumet meiner det ikkje vil gagne Volda sentrum om det hamnar på campuset til Høgskulen, meiner eg nesten er frekt, sa han bestemt frå talarstolen.

Han la til at om næringsforumet meiner det ikkje gagnar Volda sentrum, så bør dei stå fram med det sjølv.

Har etterlyst betre kommunikasjon

Det er dét næringsforumet no ønskjer å gjere. Dei vil tilføre nokon nyanser, sidan dei vert trekt inn i diskusjonen.

Stefan N. Halck, dagleg leiar i Volda Næringsforum, synst det er positivt at dei blir nemnt i viktige saker. Han synst òg at kulturhus er eit viktig tema å diskutere.

– Kulturhus er ein viktig institusjon for eit samfunn, seier han.

Han fortel at næringsforumet tidlegare har etterlyst betre kommunikasjon med kommunen i prosessen rundt eit nytt kulturhus og kino, noko som ifølgje han har skjedd den siste tida.

Trur dei viste til eit skriv

Halck trur det politikarane viste til under kommunestyremøtet, var ein uttale frå Volda Næringsforum frå mai kor dei spurte kvifor dei ikkje var invitert inn i ein open prosess for å avklare alternative løysningar. I skrivet står det mellom anna:

«Vi stiller spørsmål ved om Volda kommune har vurdert om dei skisserte etableringane er i samsvar med føresetnaden for ei berekraftig utvikling av Volda som tettstad og kommunen sitt partsansvar i Mellom bygningane i Volda. Vi vil oppmode Volda kommune om å avklare dette i møte med dei andre partane i MBV før ein går vidare i prosessen.»

Halck seier også at næringsforumet har prosjektleiaransvaret for sentrumsprosjektet i Volda, og at det difor var naturleg for dei å fremje moglegheiter for å utvikle Volda som tettstad.

– Ein ting er jo sambruk med Høgskulen, men det som også er viktig i eit sentrumsperspektiv, er at næringstilboda som ein naturleg vil oppsøkje då ein først er i Volda har ei tilknyting til kulturhuset og kinoen, seier Halck.

Per i dag ikkje lagt fram andre alternativ

Han seier dei ikkje har konkludert noko på om det vil vere positivt eller negativt med eit kulturhus i forbindelse med eit nytt mediebygg. Difor meiner dei at det som har kome fram, fell litt bort.

– Det vi har sagt er at vi vil ha ein dialog om det.

Han seier også at det per i dag ikkje er lagt fram nokon andre alternativ. Det kan hende det fins alternativ, men ifølgje Halck har ikkje dei kjennskap til det, og dei er heller ikkje lagt fram offentleg.

Men han meiner at om kommunen hadde utlyst prosjektet, så kunne ein kanskje fått andre aktørar på banen.

Ønskjer meir fokus på inntektssida

– Vi tenkjer at sidan vi er ein interesseorganisasjon, som representerer både private- og offentlege i næringslivet, så er det naturleg at ein i ein såpass viktig sak ser på moglegheita for å iallfall samarbeide om å sjå på forskjellige alternativ.

Ender det med at kulturhuset hamner på campuset til Høgskulen, meiner Halck kommunen må vere flink til å ta vare på næringslivet.

– Kommunen fokuserer veldig mykje på utgiftssida – vi ønskjer meir fokus på inntektssida og ein diskusjon om det. Korleis få til næringsutvikling i samband med eit nytt kulturhus, seier han.