Volda gav Tertnes god kamp om avansementet i NM

Volda - Tertnes

TØFF KAMP: Tertnes vart eitt nummer for stort for Volda, og vann til slutt med ni mål. (Foto: Stine S. Ødegård)

Volda hang godt med i store delar av kampen, men eliteserielaget Tertnes hadde grei kontroll og vann til slutt med ni mål.

3. runde NM Volda 21 - Tertnes 30

VOLDA: Volda gjorde ein god figur i NM-kampen mot Tertnes, men Bergens-laget viste klasse i andre omgang og vann til slutt komfortabelt.

Trenar for Volda, Halldor Stefan Haraldsson, var godt nøgd med prestasjonane til jentene.

HØGT TEMPO: Haraldsson syntes jentene gjorde ein god figur mot Tertnes. (Foto: Stine S. Ødegård)

– Eg synes med heng med i periodar, men Tertnes er vane til å spela på dette tempoet i Eliteserien og me er kanskje ikkje like vane med det. Men eg synes me heng med imponerande bra. Dei er litt klokare enn oss, og me gjer litt fleire feil og det blir litt lett å kontra mot oss, men stort sett føler eg me henger med, oppsummerte han etter kampen.

Mykje positivt

Volda viste i periodar at dei har eit høgt nivå inne, og Haraldsson synes det var mykje positiv å ta med seg vidare frå denne kampen.

– Me spelar fint i forsvar og Hilde Søyseth er fantastisk bra i mål, og angrepsspelet er periodevis veldig bra. Det er mykje positivt synes eg.

TRE BAK TIL PAUSE: Etter ei imponerande innhenting, var Volda berre tre mål bak til pause. (Foto: Stine S. Ødegård)

Volda-spelar Marte Nordnes, som er ute med skade, såg kampen frå sidelinja. Ho synes lagvenninene hennar gjorde ein god figur.

– Synes me jobbar på veldig bra og heng godt med. Det er kjekt å sjå at me har eit høgt nivå inne.

Hang bra med i fyrste omgang

I fyrste omgang var det ikkje lett å sjå at det skilte ein divisjon mellom Volda og Tertnes.

Sjølv om Tertnes var godt påskudd frå start av, og tidleg fekk ei leiing på 3-4 mål, hang Volda godt med.

Ingrid Rye hjå Volda imponerte i starten av kampen, og scora tidleg to mål.

Søyseth i mål gjorde mange viktige redningar som gjorde at Volda hang bra med i kampen.

Til pause var stillinga 11-14 i favør Tertnes. Trenar for Volda, Halldor Stefan Haraldsson, var ganske nøgd med det, men meinte laget hadde endå meir å gå på.

TIMEOUT: Jentene fekk klare beskjedar i timeouten. (Foto: Stine S. Ødegård)

– Det var bra, og litt som forventa, sa Haraldsson i pausen, og advarte om at jentene måtte fortsetja å gjera jobben i andre omgang.

– Vi må avslutta angrepene på ein skikkeleg måte, ellers kjem det mål i ryggen.

Tertnes med god kontroll

I andre omgang viste Tertnes til tider kvaliteten dei innehar, og hadde stort sett god kontroll på Volda. 

– Det går veldig fort hjå Tertnes når dei fyrst set i gang, sa kommentator Odd Sindre Tonning undervegs i andre omgang.

Etter cirka halvspelt andre omgang var stillinga 14-20 til Tertnes, og Tertnes begynte å gå litt i frå Volda. 

Etter kvart byrja Volda å rullera meir på laget, og Tertnes viste at dei hadde eit høgare nivå inne enn Volda.

Til slutt vart stillinga 21-30 i favør Tertnes.