– Det handlar om å finne "no" 

Yogasak

I HAVGAPET: Det kan inspierere til nye høgder å bu ved havet. Foto: Privat

Ho har budd mange ulike plassar; London, Bergen, København, Larvik og Oslo. Men til slutt enda Linn attende der ho høyrer til, og driv med det ho likar best – yoga.

Det er mørkt ute, men lyset frå dei store vindauga til yogastudioet Yogano, invitera meg inn. Puter med indiske mønster er spreidd utover og er like behagelige som stemninga i venteromet.

Plutselig går døra opp og ei vill blanding av damer kjem ut. Blide, fornøgde og tydeleg salige i kroppspråket, pratar dei lett og ledig med yogalæraren. Ei lita og nett dame, tydeleg engasjert i elevane sine.

BALANSE: Å halde balansen er noko som må lærast, og Linn kan det til fingerspissane. Foto: Privat

For Linn Urke Osnes (37) er det kanskje nytt og uvant å drive si eiga bedrift, men ho er ikkje nybyrjar innan yogaundervisning. Allereie i 2012 starta ho med yogaundervisning, etter å ha utdanna seg til yogalærar.

Det som starta med ein time i veka og med berre Linn som lærar, har no utvikla seg til 14 timar i veka og fire ansatte. Studioet held til midt i Ulsteinvik sentrum, og det har vore mykje hardt arbeid for å få det slik ho ville ha det. Ho har fått mykje hjelp frå både ektemann, utleigar og vener.

– Det er veldig stas og eg er både stolt av å ha bygd opp mi eiga verksemd der eg får jobbe med og formidle mi store interesse. Det viktigaste for meg i denne prosessen har vore støtta eg har fått frå dei rundt meg.

Gifta seg i skjul

Linn er utdanna profesjonell dansar. Ho har jobba frilans i mange år, vore lærar i kulturskulen og vidaregåande. Ho er gift med Are Olav Riise, og saman har dei to gutar, Otto 3 år og Bror 6 år. Dei har busett seg på Skeide, der Linn sjølv er oppvaksen.

– Eg traff Are gjennom felles ungdomsvener og vi vart saman allereie når eg var berre 16 år. Det har sjølvsagt vore litt av og på undervegs på grunn av flytting og avstandsforhold i veldig mange år, men i 2010 flytta vi saman og i 2011 fekk vi vårt fyrste barn. I 2013 gifta vi oss i København, berre vi to utan at nokon visste om det.

Høgt under taket

På dagtid jobbar Urke Osnes som kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR), men sommaren 2017 starta ho opp yogastudioet i tillegg. Ho legg ikkje skjul på at kvardagen er travel. Ho jobbar mykje, og når tankane om at ho er sliten kjem sigande, tenkjer ho heller på kor høgt ho ynskjer å drive med det ho gjer.

Det er høgt under taket, og stor plass på golvet. Vindauga er sota og eine veggen nedst i romet er fullstappa i alt frå mjuke matter til muskelrullar og tepper. Eit par grøne planter har fått heidersplass.

– Eg meiner studioet ikkje berre ser ut som eit yogatudio men også kjennes som eitt, smiler Linn. Det er særs viktig å skape den rette stemninga når ein driv med denne type trening.

Kvifor byrja du med yoga? 

– Eg prøvde yoga då eg var dansestudent i London, og hugsar at eg kjende meg veldig tilfreds og roleg etter den fyrste timen. Det var likevel ikkje før eg flytta til Larvik at eg starta med Yoga regelmessig. Sidan då har eg vore hekta.

DREVET LENGE: Linn Urke Osnes startet med yoga-undervisning i 2012. Foto: Privat

Innhaldsrik timeplan

Linn starta opp med éin time yogaundervisning i veka, i gymsalen på Skeide, og med aukande interesse vaks det raskt til fleire timar og undervisning både på Dimna og Reiten i Ulsteinvik. Då under namnet Bygdeyoga. Ho fekk også med meg to dyktige yogalærarar, Margaret Bjerkvik som driv Medisinsk yoga og Inger Kristine Havåg i Hatha yoga.

– Eg har lenge tenkt eg ville profesjonalisere tilbodet og gå frå gymsal til eige studio, men det var ikkje lett å finne lokale innan rimelig pris i Ulsteinvik. Lokalet skulle også passe formålet med resepsjon, venteområde, toalett og garderobar.

Med eige lokale var det også rom for fleire timar og fleire yogalæarar med på laget. Linn Urke og Hildegunn Welle, i tillegg til dei som var med frå Bygdeyoga.

– Utan dei, kunne eg aldri ha fått det til. Då vi er fleire med ulik kompetanse kan vi difor tilby ein variert og innhaldsrik timeplan.

Også timar for menn

Linn meiner Yogano har blitt tatt veldig godt imot. Stadig nye kjem til og det er menn og kvinner, unge og godt vaksne, og med ulike fysiske forutsetningar. Det er difor viktig at dei har eit breitt tilbod, alt frå roleg yoga som Yin yoga og Medisinsk yoga til meir fysisk krevjande timar der musklane blir møre og sveitten silar. Dei tilbyr også timar berre for menn.

– Dei driv med Ashtanga, som er ei fysisk utfordrande form for yoga der ein praktiserer ein fast serie. Det ser ut til å engasjere dei og dei har vist stor utvikling i kurset. 

WORKSHOPS: Linn driv også workshops. Eit av kursa hebnnar handlar om sensitivitet som styrke og mindfullness. Foto: Privat

Til slutt, kvifor namnet Yogano og fortel om den store elefanten på veggen? 

– Eg valde namnet Yogano fordi Yoga i det store og heile handlar om å finne "no". Å vere tilstades i seg sjølv. Yogano er eit jordnært og folkelig yogatilbod som har plass til alle. Eg ynskja meg den Hinduistiske elefantguden Ganesh på veggen, då han symboliserer det å gje slepp på det som held ein tilbake, anten det er ein sjølv eller andre. Det tenkjer eg er viktig for alle menneske: å få bli den beste versjonen av seg sjølv gjennom å ha trua på egen verdi og evne.