Nynorsksenteret overført til Høgskulen i Volda

Nynorsksenteret overført til Høgskulen i Volda

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen og leiar for Nynorsksenteret, Torgeir Dimmen Foto: Nynorsksenteret

Etter å ha vore vertsinstitusjon for Nynorsksenteret sidan oppstarten i 2005, vil Høgskulen i Volda frå 1. januar også få fagleg ansvar for senteret.

Høgskulen i Volda (HVO) melde rett før helga på sine heimesider at dei frå 1. januar 2018 vil overta det faglege ansvaret for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenter). Dette vil seie at HVO no vil overta ansvaret for oppdraget og finansieringa av senteret, noko som tidlegare har vore Utdanningsdirektoratet sitt ansvar.

Reknar ikkje med store endringar

HVO-rektor Johann Roppen og leiar for Nynorsksenteret Torgeir Dimmen fortel til same nettstad at dei er uvisse om kva konsekvensar dette vil få for Nynorsksenteret.

– Signala så langt er at senteret beheld dei same oppgåvene som det har hatt tidlegare. Vi reknar i alle fall ikkje med dei store endringane på kort sikt, seier dei.

HVO har sidan starten i 2005 vore vertsinstitusjon for Nynorsksenteret, som har som oppgåve å auke kvaliteten i arbeidet med nynorsk, samt bidra til auka interesse og motivasjon for språket i barnehagen og grunnskulen. Senteret har dei siste åra hatt 10-12 tilsette og 8-9 årsverk.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.