Blandar økologisk og vanleg mjølk

Ødelagt mjølketank Ålesund

OPPGITT: Økologisk bonde Nils Sigurd Drabløs er irritert over at Tine ikkje vil bytte ut den øydelagte mjølketanken i Ålesund. Foto: Mathias Hundeide Hamre

Den økologiske mjølka som vert levert til Tine Meieriet Ålesund har sidan sommaren 2015 blitt blanda med den vanlege mjølka.

– Eg er ganske så forbanna på Tine. Det smaker ikkje i det heile tatt. Det seier den økologiske bonden Nils Sigurd Drabløs. Han har levert økologisk mjølk til Ålesund sidan dei fekk ein eigen tank for økologisk mjølk på 1990-talet.

Økologisk mjølk frå Austlandet

Det betyr at den økologiske mjølka du kjøper på Søre Sunnmøre er frå Austlandet eller Trøndelag. Sjølv om det finst fleire økologiske mjølkebønder på Sunnmøre.

– Så lenge den økologiske mjølka på Vestlandet kjem frå Austlandet, kjem eg til å fortsette å kjøpe konvensjonell mjølk frå Ålesund i dei korte periodane eg ikkje har mjølk sjølv, fortel Drabløs.

Bonden meiner Tine ikkje har skjønt kva økologisk jordbruk er.

– Økologisk jordbruk handlar blant anna om å være nær marknaden. Å frakte økologisk mjølk frå Oslo til Ålesund vert heilt feil.

For kostbart

MEIERISJEF: Jan Heggem forstår kritikken frå bøndene. Foto: Tine

Mjølketanken som tok i mot den økologiske mjølka i Ålesund vart øydelagd sommaren 2015. Tine hevder at det vart produsert for lita mengde med mjølk, allereie før tanken vart øydelagd.  

– Eg forstår kritikken frå bøndene, men det er snakk om for små mengder mjølk til å produsere rent økologisk, seier meierisjef ved Tine sitt meieri i Ålesund, Jan Heggem.

Føler seg usikker

No fryktar Drabløs at dei økologiske bøndene skal forsvinne.

– Vi er heilt avhengige av ekstra støtte for å levere økologiske produkt sidan kraftforet vi kan bruke er dyrare enn vanleg kraftfor. 

Heggem forstår kritikken, men presiserer at bøndene framleis får støtte av staten, sjølv om Tine ikkje sel mjølka som økologisk.

– Bøndene får framleis betalt 70 øre ekstra per liter, akkurat som dei gjorde då vi solgte mjølka som økologisk.

Presisering: I denne saken har vi korrigert avsnittet der det stod at Tine mener det ble for dyrt med en ny melketank. Sitatet til meierisjefen er også rettet opp og endret.