Brukte 20% meir per born

Økonomi barnehagar

DYR DRIFT: Vanylven kommune brukte mykje pengar på barnehageborn i 2016. Dette biletet er teke av born i Sollia barnehage i Volda i anledning Barnehagedagen. Illustrasjonsfoto: Klara Skovro Thoresen

Vanylven kommune brukte i 2016 om lag 40.000 kroner meir enn dei andre kommunane på Søre Sunnmøre per barnehageborn. 

– Me har hatt nokre barnehagar som har vore dyre i drift, seier Hallvard Takset, økonomileiar i Vanylven kommune.

I følgje Statistisk Sentralbyrå var netto driftsutgiftene per born i barnehage i Vanylven kommune 180.496 kroner i 2016.

Til samanlikning varierte driftsutgiftene blant dei andre kommunane på Søre Sunnmøre frå 128.961 kroner i Herøy til 149.009 kroner i Volda. I gjennomsnitt brukte dei andre kommunane på Søre Sunnmøre om lag 137.000 kroner per born i barnehage i 2016. 

Diagrammet under viser kor mykje dei ulike kommunane på Søre Sunnmøre brukte per barnehageborn i 2016 og 2015. 


Private barnehagar

Økonomileiaren i kommunen forklarar at tilskot til private barnehagar vert utrekna basert på kostnadar for kommunale barnehagar for to år tilbake i tid. Det vil seie at i 2016 gav dei tilskot til private barnehagar basert på kostnadane for kommunale barnehagar i 2014.

– I 2014 hadde vi Rovde barnehage og Åram barnehage, og desse to var dyre i drift. Dermed betalte vi ganske store summar i tilskot til privat barnehage i 2016, opplyser Takset.

I dag er det to kommunale barnehagar og ein privat i Vanylven kommune.

– Kommunen hadde spart ein del i tilskot til privat barnehage dersom vi kunne brukt nasjonale tilskotssatsar, og ikkje berekna satsane utifrå eigne kostnadar, slår økonomileiaren fast.

Lågare sum før

I 2014 og 2015 brukte Vanylven kommune henholdsvis 147.086 kroner og 141.367 kroner per barnehageborn.

– Vi forventar at tala vil gå ned igjen i år fordi Rovde og Åram barnehage er lagt ned. Tala for 2017 veit vi allereie no vil bli lågare, og effekten i 2018 vil bli endå større, meiner Takset.