Usemde om sjeldan skog

Bjørkedalen: Verneverdig skog eller kulturlandskap?

Har du hørt om «olivinfuruskog»? Det har ingenting med oliven å gjere. Derimot skapar omgrepet sterk debatt.
 

Nesten all verdas olivinfuruskog finnast på Sunnmøre, mykje av han i Bjørkedalen i Volda kommune. Naturvernarar over heile landet vil ha vern av skogen, fordi det finnast fleire truga artar her.

– Olivinfuruskog er eit konstruert omgrep, meiner grunneigar  Ottar Bjørkedal. 

Han likar ikkje tanken på at folk utan lokal tilknyting skal kome og stikke kjeppar i hjula for skogeigarane. I auga hans er heile Bjørkedalen eit gamalt kulturlandskap.

Og at skogen her har vore drive i hundrevis av år, kan ingen nekte for. Bygda har lange båtbyggartradisjonar, der virke har vore henta frå bygdas eigen skog.

–  Ein er grunneigar berre i en avgrensa del av livet, seier Bjørkedal, og legg til:

– Ein arvar ressursar frå foreldra sine, og gir dei vidare til borna. Då ønskjer ein å gjere det beste ut av det området ein har.

Meiner skogen er truga

– Området treng eit juridisk vern, seier Knut Festø, leiraen i Naturvernforbundet i Volda og Ørsta.

Han er særleg opptatt av Tjørnanakkene. Denne skogteigen ligg inne på ei liste over dei 50 skogane naturvernorganisasjonene WWF, Sabima og Naturvernfobundet, meiner det hastar med å verne innan 2020. Her finn ein minst ti trua artar, mellom anna soppen rosenfotkremle, skorpefiltlav og bregna blankburkne.

Festø peikar på at hogst med øks og sag var noko anna, enn dei inngrepa ei moderne hogstmaskin er i stand til å gjere på ein brøkdel av tida, no til dags.  Det er heller ikkje det same å ta ut virke til eiget bruk, som å vere ein del av den internasjonale tømmermarknaden, slik alle grunneigarar potensielt er, i det moderne samfunnet. Det er heller ikkje berre hogst naturvernarane er uroa for, men også hytte- og vegbygging.

Bygde skogsbilveg – men skal ikkje snauhogge

Ottar Bjørkedal bygde skogsbilveg ved Tjørnanakkane i 2008.

(Les saken nrk.no hadde om vegen her)

– Det vart ein tung byråkratisk prosess, som enda i Fylkeslandsbruksstyret, fortel grunneigaren litt oppgitt.

Samstundes er han nøgd med at han vann.

Men han har ingen planar om å snauhogge all skogen, og meiner Naturvernforbundet overdriv kor trua skogen er.

– Det er ikkje sånn ein driv skogbruk i Noreg, meiner han, og peikar på at ein må spare skog til komande år og til komande generasjonar.

Naturvernforbundet aksepterer bruk, men berre på visse vilkår

Sjølv om verneverdiane i Bjørkedalen førebels har klart seg bra utan nettopp vern, er ikkje Naturvernforbundet nøgd. Lokallaget for Ørsta og Volda ber Volda kommune vurdere vern, i sitt høringssvar til ny arealplan.    

– Det kan godt vere snakk om eit landskapsvernområde, seier Festø.

Det vil seie eit mildare verneregime enn naturreservat – fortsatt bruk av området til næringsformål vil vere greitt, men under visse føresetnader.

– Ein veit ikkje korleis framtidige grunneigarar vil forvalte skogen, derfor treng vi vern, seier Festø.

Bjørkedal er redd noko slikt vil gi meir byråkrati og kallar forslaget unødvendig.

Gruvedrift i olivinskog i Tafjord

Sjølve olivinen kan nyttast industrielt, mellom anna til å binde tungmetallar, fange CO2 , eller som i Finland: som varmehaldande stein i badstua. Men dagbrot og skog kan vanskeleg eksistere på same areal.  

I Onilsafeltet i Tafjord fekk gruvedriften grønt lys.  Her sa Direktoratet for naturforvaltning ( i dag ein del av Miljødirektoratet) nei til Naturvernforbundets krav om vern i 2008.

(les om vedtaket på nrk.no her)

Det føreligg ingen slike planar for Bjørkedalen.

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt. 

  • Norsk institutt for naturforskning (NINA) kom i 2009 med den 28 sidar lang rapporten «Olivinfuruskog og rødlistearter i Bjørkedalen, Volda: naturverdi og forvalningsmuligheter.
     
  • Her kjem det fram at olivinfuruskogen i Bjørkedalen har eit rikt mangfald av trua artar.
  • Årsaken er at bergarten olivin gir spesielle tilhøve.
  • I følge Naturvernforbundet er det berre 5 km2 att av skogtypen globalt.  Nesten alt arealet er å finne på Sunnmøre.