Ikkje samde om omorganisering i Hareid kommune

Kommuestyremøte Hareid

På gårsdagens kommunestyremøte i Hareid var det omorganisering av kommunen som fekk mest merksemd. Ein er samde om at det er behov for omorganisering, men ikkje om korleis dette bør gjennomførast.

Tilrådinga frå formannskapet er at kommunestyret godkjenner ei endring frå fire til tre sektorar og ein seksjon for stab/støtte. Ei stilling for kommunalsjef vert omgjort til assisterande rådmann med ansvar for seksjon stab/støtte. Rådmannen får delegert mynde til å vedta interne justeringar i organisasjonen, og setje i verk den nye organisasjonsmodellen.

Stor usemje om ny stilling

Framstegspartiet kom med eit forslag til endring av punkt 2 i tilrådinga der ein ikkje erstattar ei stilling for kommunalsjef, men likevel opprettar ei stilling for ein assisterande rådmann.

Marianne Overå (FL) sa at kommunestyret ynskjer ein meir kostnadseffektiv administrasjon. - At ei stilling for kommunalsjef vert omgjort til assisterande rådmann kan eg ikkje sjå vert kostnadsbesparende, sa Overå. Ho meiner at saka treng ny behandling. Ein meir topptung administrasjon vil ikkje vere ein fordel. Det er andre områder som treng ressursar. Det er behov for å opprette ein stilling for ein ungdomsarbeidar. Overå støttar ikkje å opprette ein stilling for ein assisterande rådmann.

- Det hjelp ikkje med ein topptung administrasjon dersom kostnadane fører til at ein ikkje kan utføre lovpålagde tenester. Me må tenke teneste, effektivitet og økonomi, sa Bernt Brandal (FL). Han la til at ein lyt opprette nye stillingar der behovet er størst, og at ein ikkje må gløyme at kommunen har hatt ein anstrengt økonomi som har gått ut over skular og velferd. 

Kultur og samfunnsutvikling kan gå vekk som eigen sektor

Annika Brandal (V) er skeptisk til å gå vekk i frå kultur og samfunnsutvikling som ein eigen sektor, men har trua på ein eigen seksjon for samfunnsutvikling. Ho trur at stillinga som assisterande rådmann kan verte ei viktig brikke for at dette skal lukkast. Venstre støttar Framstegspartiet sitt forslag om endring i punkt 2 i tilrådinga. Dei er og eininge med Folkelista om at det bør verte oppretta ein stilling for ein ungdomsarbeidar.

Assisterande rådmann bra for økonomien

- Hareid har ikkje hatt ei god administrativ leiing og har derfor hatt ei avgrensa politisk leiing dei siste åra, sa Oscar Grimstad (Frp). Han meiner administrasjonen har hatt for mykje å gjere med dei daglege utfordringane og at det derfor er behov for omorganisering. Han trur at dette og vil gagne økonomien til kommunen.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge presiserte at det er økonomiske ressursar til å tilsette ein assisterande rådmann og at det ikkje er snakk om ei stor utgift.

- Å tilsette ein assisterande rådmann vil frigje rådmannen frå det daglege stresset og rutinane, sa ordførar Anders Riise (H). Han meiner at å opprette ein ny stilling vil vere bra for kommunen, og støttar Framstegspartiet sitt forslag til endring av punkt 2 i tilrådinga.