Nye E6 Frya-Sjoa vart kåra til Årets anlegg 2016

Ørsta-firma vann pris for nye E6

Vann pris: Ørsta-firmaet Aurstad AS har vore sterkt delaktig i bygginga av nye E6 frå Frya til Sjoa. Foto: Arild Solberg/Statens Vegvesen

Ørsta-firmaet Aurstad medverka sterkt til vegstrektninga, som har korta ned turen til Oslo med eit kvarter.

Under Byggegallaen på Radisson Blu Hotel i Oslo onsdag kveld, vart prisen for Årets anlegg 2016 delt ut. Ørsta-firmaet Aurstad bygde saman med Implenia den 15 kilometer lange strekninga frå Vinstra til Sjoa, og var dermed ein av mottakarane av prisen, skriv Sunnmørsposten.

Per Kristian Langlo, administrerande direktør i Aurstad AS, fortel til avisa at dei er veldig glade og stolte over prisen.

Den 33 kilometer lange vegstrektninga opna den 17. desember i fjor, og har vore den største vegutbygginga i landet dei siste åra. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.