Ørsta si nye storstove klar for opning

Til helga opnar den nye storstova til Ørsta Kulturhus, og kan freiste med nye stolar og topp lyd.

Teatersalen på Ørsta Kulturhus har vore under oppussing i fire og ein halv månad, og er endeleg klar for opning komande helg. På fredag blir det kinohelg i ein sal med nye stolar og toppmoderne lydanlegg.

Kulturhussjef Janne M.G. Skarstein fortel til Møre-Nytt at ho håpar at dei kan lokke fleire unge vakne til kino i Ørsta med det nye lydanlegget.

– Vi erfarer at det er særleg dei som er opptekne av lyd, seier ho.

Salen opnar no til helga, med fleire framsyningar. 1. oktober blir det også opningsfest med variert program.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.