Stor auke i talet på unge medlemmer i Sunnmørsk Klatreklubb

Ørstahallen dobla medlemstalet

Sina Digernes Aarskog (12) synast det er gøy å klatre, og har vore med i klubben sidan hallen opna i fjor. FOTO: Jonas Otneim

Etter at Ørstahallen opna for eitt år sidan har medlemstalet i Sunnmørsk Klatreklubb auka med 114 prosent. Betre kapasitet og tilretteleggjing for born og unge får æra.

Den nye Ørstahallen har gitt innbyggjarane i Ørsta og nabokommunane eit etterlengta tilbod. Folk kan no driva med andre idrettar enn dei klassiske, og responsen har vore stor. Særleg har Sunnmørsk klatreklubb merka interessa.

Betre fokus på tilrettelegging

Sindre Dimmen har jobba i ti år for ein betre klatrehall. FOTO: Jonas Otneim

– Den nye klatreveggen i hallen gjer det lettare for barn og unge å driva med noko anna enn fotball. For to år sidan var vi rundt 280 medlem, no er vi over 600! Det er heilt fantastisk!

Det seier mangeårig klubbmedlem Sindre Dimmen. Han har vore med sidan 1995 og blir av andre i klubben skildra som eldsjel og legende. Fokus på eigne ungdomsgrupper, open dag og klatreveggar tilpassa born, meiner han er årsakane til den store pågangen.

– Vi hadde barneklatring i siloen i Volda, men det var ikkje noko særleg bra tilbod. Rutene i klatreveggen var berekna på vaksne. Her i Ørstahallen seier ungdommen at det er eit fint anlegg og at dei trivst. Vi vaksne tenkjer jo alltid at det er noko vi kunne gjort betre her og der. Men det er godt å få så fine tilbakemeldingar, til og med frå folk utanbys frå, legg han til.

Reiser langt for å klatra

Lars Erik Olsen bur i Bergen men valde å bruke vinterferien saman med sonen Haakon i Ørsta. Han trekkjer fram det gode ungdomsmiljøet og seier det er hovudårsaka til at dei ferierar her.

Haakon Kiperberg (11) let ikkje lovorda gå til hovudet på han. FOTO: Jonas Otneim

– Sunnmørsk klatreklubb har klart å kombinere leik og utvikling på ein kjempebra måte. Det gir eit alternativ til ballsport, og det trengst. Jo fleire hallar som blir bygde, jo fleire medlem blir det. Over heile landet blir det fylt opp, så marknaden er absolutt ikkje metta, konkluderer Olsen.

Sonen Haakon Kiperberg (11) seier han trivst godt så langt heimefrå. Han har klatra i to og eit halvt år og talentet hans vekkjer oppsikt blant dei lokale medlema. Han klatrar rutene raskare enn jamaldringar og han blir skildra som den «nye Magnus Midtbø». Sjølv tar han det heile med knusande ro, og er berre glad for å klatra med andre unge i Ørstahallen.

– Det som er viktig for meg er å ta ut mitt maksimale og klatra så godt eg får til. Konkurransar og slikt tenkjer eg ikkje på. Eg synast berre det er gøy å klatra, seier Haakon.

Heilårstilbod

Tysdagar og torsdagar arrangerer klubben open dag for alle som vil prøva seg i klatreveggen. Vakter tilbyr sikring slik at ein kan klatra sjølv om ein kjem åleine. Ein av dei som har tatt turen er Harald Fauske. Dette er sjette gongen han og familien er i klatrehallen, og han er strålande fornøgd med tilbodet.

F.v. Harald Fauske, Amadeus (12) og Linus (10) tek ofte i bruk open dag-tilbodet. FOTO: Jonas Otneim

– Ørstahallen gir mange fleire moglegheiter. Det er fint med eigne ruter for barn, og særleg buldreveggen er populær for mine to, seier Fauske

Han trekkjer fram at ein no kan driva sommaridrett heile året.

– Med det rufsete vêret som har vore er det godt å ha eit slikt tilbod. Det er viktig å få ungane i aktivitet sjølv når det høljeregnar, elles kan det bli mykje skjermtid og dataspel, fortel han.

Regioncup kommande helg

Klatrepappa Terje Aarskog håpar på godt frammøte kommande helg. FOTO: Jonas Otneim

Søndag 7. mars blir siste etappe av regional klatrecup for Møre og Romsdal arrangert i Ørstahallen. Konkurransen er open for alle aldrar og nivå. Trygve Hamre i klatreklubben oppmodar alle som er nysgjerrige på klatring til å melda seg på.

– Dersom du ikkje er interessert i å klatra må du koma og heia fram deltakarane, seier han muntert.

Terje Aarskog skyt inn frå sidelinja og freistar med gratis inngang, kaffi, kaker og nok sitteplassar.

– Sjølv om det regnar og stormar ute så er det alltid bra vêr i klatrehallen, seier han.