Pærebrann i Herøy og Sande

pærebrann i Herøy og Sande

ALVORLEG: Slik kan pærebrann sjå ut. Om sjukdommen vert oppdaga må Mattilsynet kontaktast snarast råd. Foto: Mattilsynet

Den alvorlege plantesjukdommen "pærebrann" er oppdaga i Herøy og Sande. Mattilsynet slår no alarm.

Fredag ettermiddag melde Mattilsynet at den alvorlege plantesjukdommen pærebrann er oppdaga i Herøy og Sande via ei tekstmelding til bebuarar i dei to kommunane, melder Vikebladet.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom, som angrip pære- og epletred, og i verste fall kan sjukdommen ta livet av trea som vert smitta. På verdsbasis er sjukdommen den viktigste årsaka til skader på eple- og pæretred, noko som fører til ein redusert avling og tap av inntekt. Sjukdommen finst i dei fleste land i Europa, og vart først påvist i Noreg i Rogaland i 1986.

I tekstmeldinga frå Mattilsynet opplyser dei at grunneigarar som er råka vil verte kontakta, og at mottiltak vil verte innført frå førstkomande måndag.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.