Regionavisa legg ned papiravisa

Papiravisa forsvinn

Onsdag 22. mars vart aller siste utgåve av gratisavisa til Regionavisa lagt i postkassar rundt om Søre Sunnmøre.

"Ny atferd lager nye vaner hos lesere og annonsører, og i et samfunn som beveger seg gradvis vekk fra de tradisjonelle papiravisene til digitale platformer, gjelder det å følge med i bevegelsen", skriv redaktør for Regionavisa, Hugo Antonsen i onsdagens Regionavis. Han har annonsert at papiravisa forsvinn til fordel for ei nettavis og eit månadsmagasin.

– Me valde å leggja ned papiravisa då vi har sett at lesarane våre flyttar seg til fleire andre platformar enn tidlegare. Når ein driv ei papiravis er ein nødt til å halda seg i bevegelse for å overleva. Me leve jo tross alt av lesarane.

Antonsen fortel vidare at dei framleis har tru på ei framtid for papiravisa, men at dei ynskjer å laga eit nytt tilbod for lesarane. Nettavisa og månadsmagasinet skal framleis vera gratis og skal finansierast på same måte som før via annonsørar.

Nettavisa deira vil bli lansert torsdag 23. mars, medan magasinet kjem ut 5. april. Antonsen skriv at målet deira er å ha den beste nettavisa i heile regionen.