Dette skjedde på politifronten i helga

politifronten helga

ROLEG: Få hendingar prega politiet på Søre Sunnmøre i helga. Illustrasjonsfoto: Bjørn Wahl

Nokre mindre hendingar, var alt politiet måtte rydde opp i i helga.

Det har vore ei ganske roleg helg på Søre Sunnmøre, men politiet fekk litt å stri med likevel.

Fredag

Natt til laurdag starta med at ein mann i tenåra vart anmeldt for å ha køyrd utan førarkort i Ørsta. Dette melde politiet 01.51. Ikkje lenge etter, 02.09, vart det knust ei rute på ein bil i Ulsteinvik. Sak vil verte oppretta etter skadeverket.

Laurdag

23.49 natt til søndag vart ein mann i 20-åra stoppa på Hareid, mistenkt for å ha køyrd i berusa tilstand. Han hadde heller ikkje førarkort med seg. Politiet tok han med inn for ei prøve, og sak vil verte oppretta. Politiet melde først at mannen vart stoppa i Ulsteinvik, men dette vart seinere retta opp. 
03.05, også på Hareid, melde politiet at ein mann vart pågripen og sett i arresten etter å ha laga bråk og slått til ein person. I følgje politiet sin twitter-konto forulempa mannen også tenestemennene.