– Listhaug lyktes med å få merksemd

Politisk ekspert: Listhaugs valkamp fungerte

IMPONERT OVER FRP: Politisk kommentator hos NRK Møre og Romsdal, Trond Vestre, er imponert over valkampen til Frp. Foto: Even Ørjasæter

Politisk ekspert Trond Vestre meiner Frp sin valkampstrategi fungerte langt betre enn Arbeidarpartiet sin. 

ÅLESUND (Nærnett): – Sylvi Listhaug maktar å få dei andre partia til å vere opptatt av seg og polarisere debatten - med suksess.  

Det seier Trond Vestre, politisk reporter i NRK Møre og Romsdal.  

Listhaug vann kampen om merksemda

Han karakteriserer Ap som eit parti på bakbeina, samstundes som han beskriv eit Frp med sterk Sylvi-effekt: 

EIN FESTKVELD: Frp-profilane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale har ein stor del av æra for dei gode resultata i Møre og Romsdal.
Foto: Even Ørjasæter. 

– Listhaug dro til Rinkeby i Sverige, og klarte å få blikket retta mot seg, seier Vestre. 

Ny Ap-leiar? 

– Det vil bli diskutert om Jonas Gahr Støre skal halde fram som leiar for Arbeidarpartiet. 

Han meiner at Aps valkamp har svikta. 

– Det var Trond Giske som leia valkampen deira. Dei satsa tungt på å snakke om økonomisk krise og sysselsetjing, noko som slo feil. 

Vestre peikar på Hadia Tajik eller Giske som mogeleg arvtakar etter Støre. 

– Tajik har ikkje markert seg i valkampen, Giske er nok den mest sannsynlege kandidaten om leiarskifte skulle bli aktuelt. 

 

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.