Posten vil ta i bruk fleire el-bilar

MILJØFOKUS: Posten vil ta i bruk fleire el-bilar for å nå målet om reduksjon av klimagassutslepp.                                        Foto: Nina Årset Solheim

Posten har eit mål om å redusere CO2-utsleppa med 40 prosent innan 2020.

– Vi vil spare både pengar og miljø ved å ta i bruk fleire el-bilar, seier distribusjonsleiar ved Posten i Hovdebygda, Ole Tom Myroldhaug.

Pressesjef i Posten Norge, John Eckhoff, fortel at overgangen frå el-køyretøy i Posten er lagt merke til langt utover våre landegrenser.

– Vi er alltid tidleg ute med å teste ut nytt drivstoff, til dømes biogass og hydrogen, fastslår Eckhoff.

REKKEVIDDA HINDRAR: Rekkevidda til el-bilane er ikkje god nok på dei lengste rutene.
                                                                                                     Foto: Nina Årset Solheim

– Dei lengste rutene må framleis nytte fossilt drivstoff, men vi jobbar med å finne løysningar for å kunne forlenge rekkevidda på el-bilar, fortel Eckhoff.

Posten skal fram

– Vi brukar mindre tid på sortering og meir tid ute på rutene. Det betyr at dei tilsette rekk over lenger ruter og vi kan kutte ned på antal bilar som vert brukt. Frå og med måndag vil vi bruke ein bil mindre og spare 55 km, seier Myroldhaug. Han føyer til at ruta blir fordelt på fleire tilsette, og det vil definitivt spare miljøet i lengda.

Konsekvensen er vel at folk får posten sin seinare på dagen? Kva gjer de for å hindre det?
– Vi må vere effektive og følgje den tidsplanen vi har. Alle skal få posten sin før kl.17, konstaterer Myroldhaug.

Ole Tom Myroldhaug                                                                Foto: Marita Solheim

Kva kjenneteiknar postkundane på Sunnmøre?
– Mange står og ventar på lokalavisa si, og det er ekstra mykje skryt å hente ute i dei minste bygdene, hevdar Myroldhaug. Det er generelt prega av mykje patriotisme.

Digitalisering og nedbemanning

Digitalisering og nedbemanning pregar kvardagen til dei tilsette i Posten. 1,4 millionar nordmenn brukar tenesta Digipost, og det har ført til eit stort fall i fysiske brevvolum.

– Tradisjonelle brev har gått markant tilbake, seier Myroldhaug. Han legg til at det er ei stor auke i antal klumpsendingar. Folk handlar mykje på nettet.

Eckhoff seier at digitaliseringa av samfunnet har ført til at folk kommuniserar på ein anna måte i dag enn tidlegare. Sosiale medium, e-post, Min Side-portalar til bedrifter og Digipost erstattar fysiske brevvolum.

John Eckhoff                                                  Foto: Håvard Jørstad

– Brevvoluma har i konkurranse med elektronisk kommunikasjon blitt halvert i løpet av dei siste femten åra, fortel Eckhoff. Han legg til at reduksjonen var på rekordhøge 10,9 prosent i fjor, og sidan tusenårsskiftet har omtrent ein milliard brevsendingar forsvunne.

Mista laurdagsavisa

Dei siste fem åra har bemanninga i Posten blitt redusert med 30 prosent. Omstillingane har vore krevjande for dei som har blitt ramma. Ein vesentleg årsak til nedbemanning er tapet av laurdagsavisa. Posten har ikkje lenger ansvaret for laurdagsavisa, etter at selskapet Kvikkas tok over i november. Dette har ført til ein god del nedbemanning på landsbasis.

– Vi tapte anbodet og klaga på avgjerdsla fordi vi meinte Kvikkas ikkje hadde dokumentert at dei var i stand til å gjennomføre oppdraget, men Samferdselsdepartementet avslo klagen, fortel Eckhoff.

Fryktar ikkje framtida

Posten Norge kunne feire heile 370 år i januar, men Myroldhaug fryktar ikkje framtida til Posten.
– Samfunnet er i konstant endring. Det er digitalisering på langt fleire område enn post. Vi klarer fint å tilpasse oss den digitale kvardagen og ein stadig aukande miljøbevisstheit, avsluttar han.