Tredjeårsstudentane takkar for seg

Så var praksisen over for denne gong. Den saka du no les, er den siste som vert liggande på heimesida til Nærnett på ei stund. Det spesielle for oss, er at det er den siste saka vi som tredjeårsstudentar legg ut. Når Nærnett startar opp att på nyåret, er vi godt i gong med eksternpraksis i andre redaksjonar rundt om i landet. Nokre nært, andre fjernt. Når vi er ferdig uteksaminert i mai skal vi ut i den store verda for å prøve å livnære oss av det her. Og med oss på reisa, er alle erfaringar vi har fått med oss i arbeidet med Nærnett, Næravisa, Nærsynet og Radio Volda.

Å jobbe med lokalnyhende på ein liten stad som Volda og Søre Sunnmøre trur eg har vore særs nyttig for oss som journalistar. Med eit nært forhold til kjeldene våre og dei som vi dekker, får vi ein heilt annan tilnærming til stoffet enn det ein hadde gjort i, for eksempel, Oslo. At folk vert glade når vi kjem med Næravisa gjer noko med sjølvtilliten, då ein skjønar at det ein gjer vert satt pris på. Det same gjeld kommentarfelt på Facebook frå saker vi publiserer på nett.

Sjølvsagt er ikkje alt berre fryd og gammen, då vi òg gjer feil. Kanskje var det ein vinkling som vart litt feil eller eit sitat som vart teken ut av kontekst. Dette er sjølvsagt synd, både for kjelda det gjeld, men også for journalisten sjølv. Vi prøver å formidle stoffet vårt på ein så korrekt måte som mogleg og då er det alltid beklageleg om nokon skulle føle seg presentert feil.

Til slutt vil eg gjerne få gje ein stor takk til Volda, Ørsta og resten av Søre Sunnmøre. Takk for dei gode sakene de har gjeve oss. Takk for dei gode historiene og for at vi har fått formidle dei. Takk for at de har heldt ut med oss desse åra, og for at de også vil halde ut med dei som kjem etter oss.

Studentar dei kjem og dei går, men Nærnett består.