Engasjert eldsjel i 37 år

Eldsjela Øystein Bakke

I SITT RETTE ELEMENT: Øystein Bakke kosar seg som frivillig i flotte omgjevnader. Foto: Håkon Lie

– Levande legende, fantastisk jobb. Dette er orda som vert sagt om dugnadsinnsatsen til Øystein Bakke.

Under artikkelen kan du høyre radioreportasja om Øystein.

I ein sjølvlysande kjeledress står ein trufast kar. I all slags vêr har han stått her, kvar tysdag, onsdag, torsdag, laurdag og sundag. Dette har han gjort heilt sidan 1981. Han er ei av dei mange eldsjelene som har gjort det mogleg for Volda skisenter å feire 50-års jubileum i år.

Mannen me snakkar om, er Øystein Bakke. Han er parkeringsvakt ved skisenteret.

– Under NM i 1981, var eg med å hjelpte på parkeringa, og sidan det har eg vore her, seier Bakke.

Kjenner «alle»

Det er stor trafikk til Reset denne kveld, og sjølv om gradestokken krymp seg ned mot ti minus, klagar ikkje Øystein. Det er berre å kle seg, meiner han.

Bilane kjem i tur og orden. Dei fleste kjenner Øystein, og han kjenner dei. Nokre stoppar å snakkar, andre visar berre sesongkortet.

– Eg kjenner dei fleste her, og veit kven som har sesongkort, seier han.

BETALING: Øystein har akkurat teke betaling frå ein av gjestene. Foto: Håkon Lie

Han har mange gode minne frå skisenteret, og har vore med på både gode og dårlege vintrar. Han er spesielt glad for at denne jubileumssesongen har vore så bra. Det har vore over all forventing, bakken har vore open heilt sidan 21. november kan han fortelje.

Mange jern i elden

Øystein har også andre jern i elden. Han har eit radioprogram kvar fredag på Bygderadio Vest, der han har konkurransar.

– Dei lokale kallar det berre for "Bakke-show", ler han.

Om sommaren er han ein ivrig fotballdommar, og har vore med på Danacup mange gonger, og dømmer også aldersbestemte lag.

Eldre folk har Øystein også eit hjarta for, han likar å ta turen innom for å måke snø, eller hjelpe med andre ting.

Bakke er ikkje åleine når det gjeld å gjere ein innsats på skisenteret. Han passar på å skryte av dei ulike arbeidsgruppene som vert kalla "team".

– Det er mange som står på og er ivrige, og me har gode team, seier han ivrig.

Pris for innsatsen

For tre år sidan fekk han Frivilligprisen frå Volda kommune for innsatsen han har gjort i mellom anna skisenteret og på fotballbanen, pluss mykje anna arbeid han har gjort.

– Eg fekk ein telefon frå dåverande ordførar, Arild Iversen. Han lura på om eg kunne kome ned på kommunehuset. Eg lura på kva dette var, for eg skulle ikkje inn i noko kommunestyre, ler Øystein.

Han vart då tildela prisen og fekk ein sjekk av ordføraren. Det var utruleg stas minnes Øystein. Han har også ei klar oppmoding til alle andre.

– Eg synes alle burde hjelpe til frivillig, om det er sommar, vår eller haust, avsluttar han.

Høyr radioreportasja her: