Har kontakt med heile verda frå kjellaren

Norleif Bjørneseth. Foto: Mia Sandnes Nilsen

Med sjølvbygd radio er Norleif Bjørneseth (80) i kontakt med heile verda.

Du kan høyre heile reportasja nedst i artikkelen.

–Sjå her, den er sjeldan. Den er frå den russiske stasjonen i Antarktis.

Det er eit QSL-kort frå Antarktis. Det likar eit postkort, på baksida står datoen han var i kontakt med stasjonen og kallesignalet til stasjonen. Dette er ikkje det einaste QSL-kortet han har i samlinga si. Han har vore i kontakt med store delar av verda, og har kort frå mellom ana Pakistan, Afghanistan, Japan, Argentina og store delar av resten av verda, alt samla i ein stor perm.

Interessa for å bygge radio starta allereie på barneskulen. Der var det ein lærar som var teknisk interessera, og saman med to kompisar vart Norleif bitt av basillen. Han fekk seg etterkvart eige utstyr, men for å få sendeløyve måtte han avleggje ei prøve.

– Det var morse dei la vekt på, så eg kjøpte meg grammofonplater med morsesignal på og byrja å pugge.

Prøva vart bestått med glans, og han kunne kalle seg radioamatør. Han fekk etterkvart kontakt med heile Noreg, og seinare heile verda.

Norleif visar fram QSL-korta sina. Foto: Håkon Lie
SAMLEPERM: Norleif visar fram samlinga av QSL-kort. Foto:Håkon Lie

Skapargleda er størst

For Norleif er det vel så viktig å bygge radio, som det er å snakke med folk.

– Teknisk, og å få ting til å fungere, skaparglede er det viktigaste, seier Norleif.

Han visar oss verkstaden sin, det er mykje utstyr her. Alt frå loddeboltar til hammar. I eit skåp ved sida av arbeidsbenken, er det skuffar med mange ulike komponentar.

– Eg må få bruka opp alt no, for eg veit at når eg ikkje er meir, vert alt kasta.

Han har altså ikkje greidd å føre den same interessa vidare til neste generasjon. Dei synes det er meir moro med mobilen, enn å bruke tid på å bygge eigen radio meiner han.

Vitjar alle med antenne

– Om eg er ute å reiser, og ser ei radioantenne. Då er det berre å gå bort å banke på døra.

Ein gong då Norleif var å vitja sonen sin, som studera i USA, fekk han auge på ei radioantenne. Han banka på, og ut kom det ein skjeggute kar. Mannen var Bud Forrester, Norleif vart invitera inn og dei vart gode venner. Dei haldt kontakten i mange år, heilt til Bud vart råka av kreften og døydde.

Ekspedisjon til Påskeøya

I 2005 vart Norleif invitera med på ein ekspedisjon til Påskeøya. Det var ein gjeng radioamatørar som skulle til den eksotiske øya, for å sende radio. Norleif ville eigentleg ikkje vere med. Han vart overtala, og angrar ikkje på det.

– Heile verda koka, alle ville ha kontakt med oss, seier Norleif ivrig.

Med alle antenner i verda retta mot Påskeøya, var det travelt for radioamatørane. Norleif trur dei hadde kontakt med bort i mot 20 000 personar. Som alle ville krysse av Påskeøya på lista, og få tak i eit av dei eksklusive QSL-korta. 

Heilt til slutt vil Norleif vise oss antenna. Den står bak huset, og det er ei lang antenne som kan forlengast, og roterast. I tillegg er det ledingar og koplingar rundt heile.

– Eg er heldig som bur slik eg bur, her har eg moglegheit å sette opp antenne å drive med det eg likar.

Han kjenner mange som har flytta til byen, og stader der det er reguleringar når det kjem til antenner. Dei har måtte lagt hobbyen på hylla. Så sjølv om fjella byr på nokre problem av og til, er Norleif utruleg glad i bygda si.

Høyr radioreportasja her:

QSL-kort

QSL-kort er ein skriftleg stadfesting på radiokontakt utstedt av ein radiostasjon i samband med DX-ing. Den skal innehalde namnet på stasjonane som hadde kontakt, tidspunkt, kvaliteten på kontakten, frekvens, modulasjon og evt. namnet på operatøren

Kjelde: Wikipedia